Lokal | 25. feb. 2013
Fleire fine vinterdagar!
Vinterferien har starta strålande, og finvêret held fram i minst tre dagar til.
Andris Hamremåndag 25. feb. 2013 08:24
Fredag kom sola og laurdag og søndag blei nærmast skyfri både i Os og i fjellet.
Finvêret skal ikkje vara gjennom heile ferien, men godvêrsperioden er heller ikkje over.
Både Yr.no og Storm.no melder lettskya vêr i Os til og med onsdag, rundt 5 mm nedbør i form av regn torsdag og lettskya og lite nedbør fredag.
Laurdag kjem det truleg meir nedbør, medan også søndag kan bli solrik og ganske tørr.