Næringsliv | 27. aug. 2020

Fleire fasadeløft i Os sentrum

Fleire huseigarar har brukt seinsommaren på å pussa opp.

Fleire fasadeløft i Os sentrum
Tønjumgården har gått frå gult til kvitt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 27. aug. 2020 15:05

Dei siste åra har fleire huseigarar i Os sentrum tatt tak og gitt både inventar og fasade eit løft. I 2015 var Askvik-brørne i sving, i 2016 gav Aspenes-brørne eit løft til dei tidlegare bankbygga.

Drageset Lyssand pussa opp før sal av Drageset-bygget, som no er leig ut til butikk og eksterne rådhuskontor. Handlegården har fåttt ein etasje ekstra og ny fasade, Jernia har utvida i nytt tilbygg.

Johnny Marton Pedersen sitt bygg i Landboden har blitt lyst og fint. (Foto: KVB)
Johnny Marton Pedersen sitt bygg i Landboden har blitt lyst og fint. (Foto: KVB)

Dei siste vekene har fleire hus stått for tur. Johnny Marton Pedersen har pussa opp i Landboden, det same har naboen Kolaas gjort.

– Det er normalt vedlikehold som i all hovudsak er blitt gjort. Det har jo blitt ganske fint rundt om kring i sentrum, fleire har vore flinke å ta tak i eigne bygg, seier eigar Kjell Kolaas.

– Det er jo klart det smittar når naboane tar tak i bygga sine, då er det fort gjort at vi pushar kvarandre. Det var litt tungt å koma i gang, men når vi no er ferdige og har gjort eit stykke arbeid, er det ei god kjensle.

Kjell Kolaas gler seg over oppussinga i sentrum. Foto: KVB.
Kjell Kolaas gler seg over oppussinga i sentrum. Foto: KVB.

Blanda leigemarknad

Etter eit heilt år utan leigetakarar i den tidlegare fotobutikken ser det no ut til å koma nye ansikt inn i lokalet.

– Vi har fått avtale med ny leigetakar. Eg kan ikkje gå ut med noko namn heilt enno, men dette er noko vi sjølvsagt er veldig glade for. Eg synest marknaden har vore treig og krevjande, seier Kolaas.

Ein annan huseigar som har pussa opp i sentrum, Bjørnafjorden Invest, er av ei anna oppfatting.

– Alt er leigd ut hos oss, det har vore stor pågang. Men vi leiger i all hovudsak ut hyblar, leiligheiter og kontor, seier Olsen.

– På høg tid

Når det gjeld oppussinga meiner Olsen det har vore naudsynt for fleire av bygga.

– Det har vore plassar der det rett og slett ikkje såg ut. I Stegen-bygget har det vore litt meir å gjera enn i tidlegare «Tønjumgården».

Dei har òg rusta opp det tidlegare Lehrmannsbygget og der Os Blomsterservice heldt til, på torget.

– Enkelte plassar har sjølvsagt vore meir krevjande enn andre, som til dømes på torget, der var det ikkje isolert, det var ikkje innvendig vass-sikring og vi måtte òg fiksa manglande brannhimling.

Stegenbygget har blitt rusta opp. Foto: KVB.
Stegenbygget har blitt rusta opp. Foto: KVB.

Skryt fra ordføraren

Ordførar Trine Lindborg er svært glad for utviklinga i Os sentrum, og deler ut skryt til eigarane.

– Dette er kjempebra! Det betyr veldig mykje for veldig mange at vi no løftar sentrum.

Det kommunale eigedomsselskapet Os Bygg og Eigedom rusta i fjor opp Torggården, der dei no har kontor. I april i år fortalte Lindborg at kommunen no vil rusta opp og bruka Oshjørnet/Baronsgården sjølv.

– Dette aukar attraktiviteten til sentrum, både trivselsmessig og handelsmessig, påpeikar ordførar Trine Lindborg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.