Fleire får rett til barnehageplass
Frå hausten utvidast retten til barnehageplass til òg å gjelda born fødd i september og oktober.
Regjeringa har fremja lovforslag til stortinget om å utvida retten på barnehageplass til også å gjelda born fødd i september og oktober.
Lovforslaget kjem midt i hovudopptaket til barnehagane som kommunen jobbar med i desse dagar.
– Vi har fått beskjed om at vi skal ta høgde for at det blir ei lovendring, midt i hovudopptaket. Det sett oss litt sjakk matt. Vi har difor vald å køyre etter det som gjeld no ellers kan vi risikera at vi gjer ting på feil grunnlag.
– Så får vi heller ta ei ny runde med opptak når den nye loven er vedteken, fortalte barnehagefagleg rådgjevar Irene Ullensvang, då ho vitja sist møte i tenesteutvalet.
Har plass
Ullensvang fortalde at barnehagane har litt kapasitet å gå på, så lovendringa skal ikkje by på store utfordringar.
– Vi har litt slack å gå på, barnehagane er klar over dette, så dette skal vi handtere, men det er krevjande å bevege seg i eit landskap som ikkje er på plass.
Ein av tinga som ikkje var avklart då saka var oppe i tenesteutvalet var dei økonomiske konsekvensane og ordningane knytt til lovendringa.
– Eg skal komma tilbake til dykk når desse tinga er avklart, lovde Ullensvang.
Har løyvd 740 millionar
I ei pressemelding i samband med at lovforslaget blei fremja skriv kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) at regjeringa i statsbudsjettet har bevilga 740 millionar kroner for at foreldre og barn skal få kortare ventetid på barnehageplass.
– Vi foreslå òg at kommunane kan velgje å tilby plass allereie i august for dei barna som er fødd i september eller oktober. Då blir det opp til foreldra om dei ønskjer plass frå august, eller om dei vil vente til den månaden bornet fyller eitt år, seier Rød Isaksen.
Den utvida retten vil i følgje pressemeldinga gje 9 600 fleire born rett til plass i barnehage allereie frå hausten 2016.