Lokal | 10. juni 2020

Fleire dagar på tokt rundt Strøno

HD2 «Viken» seglar i Os-skjergarden denne veka.

Fleire dagar på tokt rundt Strøno
«Viken» på veg ut Strøneosen i går kveld, saman med nokre RIB-ar, etter ein dag i Skeisosen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. juni 2020 11:40

Dei siste dagane har eit litt annleis marinefartøy vore å sjå i skjergarden i Os, i periodar saman med politibåten «Kjølen».

– Ifølgje Nasjonalt sjøoperasjonssenter (NSS) er dette hamnefartøyet «Viken», seier kommunikasjonssjef i Sjøforsvaret kommandørkaptein Torill Herland.

Båten har lengde og breidde 28 og 8 meter. Den heiter ikkje KNM, som lista hos Marinetraffic, men HD2 «Viken», der forkortinga står for «Hjelpefartøy Dykking».

– Fartøyet blir primært brukt av dykkar- og froskemannsskulen til utdanning av militære dykkarar. Sekundært blir den brukt av minedykkerkommandoen, forklarer Herland.

Båten har trykkammer om bord og ein besetnad på seks; sivil skipper og maskinist saman med fire vernepliktige.

– «Viken» er i området i samband med øvinga «Sjøkriger» som blir gjennomført av Sjøkrigsskolen.

– Det vil òg vera nokre RIB-ar i området. Båtane blir i Os til i morgon, då skal dei nordover igjen, seier Herland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.