Samferdsle | 18. juni 2023

Fleire avgangar hindra av skodde

Full stopp før klokka 07 søndag, normal drift frå 09.38.

Fleire avgangar hindra av skodde
Skodde hindra Halhjem-Sandvikvåg i natt og søndag morgon. Det gjorde den også her, 12. mai i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 18. juni 2023 09:42

Laurdag kveld kom skodde sigande inn mot Os frå vest, klokka 02.50 natt til søndag meldte Torghatten Nord om større forseinkingar på Halhjem -Sandvikvåg grunna skodda.

Klokka 06.53 var sambandet innstilt, klokka 07.20 var første ordinære avgang i drift igjen.

– Men det er uvisst for vidare avgangar, fortalde Vegtrafikksentralen.

Klokka 09.38 melder Torghatten Nord om at dei er tilbake i normal trafikk.

Sambanda Langevåg-Buavåg, Fedje-Sævrøy og Måløy-Oldeide har òg vore påverka av skodde dei siste timane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.