Flaum og god flyt i Hamar
Vikingskipet er fylt med vatn - og med talentfulle handballspelarar frå Os, som no er til A-sluttspel i alle årstrinn.
Os Turn Handball deltar i helga i Storhamar Cup i Vikingskipet med 11 lag og 6 dommarar.
Deltakarane har bokstavleg talt god flyt.
– Vi er til sluttspel med lag i alle årstrinna, og har fått sett litt til flaumen som herjar på Austlandet, seier G13-trenar Solveig Hamre.
Sjøsetjing av Vikingskipet?
– Og Vikingskipet er fylt med vatn, legg J13-trenar Christian Sande til.
Dette har dei driftsansvarlege for Vikinghallen gjort før, for å hindra at Vikingskipet skal bli "sjøsett", altså få oppdrift og skade i konstruksjonen, og for å hindra skite flaumvatn frå å trenga inn i OL-arenaen.
– Vi kunne kjøra direkte til Hamar etter planlagt rute, utan å bli hindra av flaum, men vi har sett campingvogner under vatn i Valdres, og ein pauseplass der vi sat og åt før opningsshowet låg under vatn etter opningsshowet, fortel Christian.
5 av 8 til A-sluttspel
Os har reist til Hamar med 11 lag, 7 jentelag og 4 gutelag.
3 av desse er 11-åringar, spelarar som er for unge til å spela sluttspel.
Blant dei 9 som speler sluttspel er 5 vidare til A-sluttspel, eitt lag i kvart årstrinn Os deltar i.
J12, J13 og andrelaget til J14, G12 og G13 er alle vidare i A-sluttspelet.
Suverene kretsmeistrar
Mest suverene har kretsmeistrane jenter 13 vore, som har vunne 17-3, 9-2 og 15-1.
– Dei har spelt strålande her borte. No er vi spente på morgondagens kampar, seier Sande.
Men også gutar 12 og guar 13 har vunne alle sine innleiande kampar.
Her er resultata frå alle laga sine tre første kampar:
Jenter 11: 6-7, 1-2 og 8-5.
Jenter 12: 13-8, 2-12 og 3-5.
Jenter 12-2: 4-9, 4-11 og 0-13.
Jenter 13: 17-3, 9-2 og 15-1.
Jenter 13-2: 5-10, 2-17 og 2-12
Gutar 11: 4-2, 4-1 og 5-1.
Gutar 11-2: 7-5, 0-3, 1-6.
Gutar 12: 8-7, 9-4 og 6-4.
Gutar 13: 11-10, 8-5 og 12-0.