Flaug inn til siger
Os leia 29 av 30 minutt av 1. omgang. Åsane overtok føringa, men 9 minutt før slutt kom Os sterkt tilbake.
Laurdag tok damelaget til Os imot Åsane til årets første 2. divisjonskamp i Oshallen.
Delar av publikum svikta, men det gjorde ikkje jentene.
– Vi hadde ein periode med dårleg timing og lite aggressivitet i forsvarsspelet, i tillegg har Åsane ein god keeper. Men så gjorde vi grep og tok tilbake føringa, seier Erlend Lyssand nøgd.
Bortekampen enda med tomålstap til Os (28-26), men heime blei det til slutt siger.
Os - Åsane 28-24 (16-16)
Målskårarar, Os: Elise Hjelle 6, Irene Tangerås 5, Madeleine Hjertnes 5, Anna B. Kallestad 4, Emilie Hjertnes 3, Tonje Hjertnes 2, Marte Øvreeide 2 og Maria S. Lunde 1.
Os tok leiinga 1-0 og leia både 6-2 og 9-5. Men Åsane tok innpå og låg eitt og to mål bak til dei utlikna rett før pause.
Også i 2. omgang tok Os leiinga, men ti minutt ut i siste halvdel var det for første gong i kampen Åsane som leia.
19-20 gjekk vidare med Os ajour eller eitt mål bak i ein målfattig 10-minuttsperiode.
Men så sette Emilie Hjertnes inn 23-22 i 21. minutt og ut kampen var det Os som hadde overtaket.
– Vibeke var god i mål i dag, ikkje minst i siste del av kampen. Vi sprang også meir enn Åsane, seier Lyssand om snuoperasjonen.
– Skuffa Åsane-trenar
Åsane har ein god keeper i 95-modellen Vanja Strand. Emilie og Marte måtte gong på gong sjå ungjenta koma ut og ta skotet.
– Eg har fått høyra etter kampen at vi skaut ho god, men ho er god og offensiv og vanskeleg å skyta på, meiner Lyssand.
Åsane-trenar Ketil Aase seier han er skuffa over at ikkje jentene tok to poeng med seg heim.
– Vanja var i støtet i dag og vi klarte å ta over føringa, men ikkje alle våre hadde heilt dagen framover, synes Aase.
– Men Os er eit godt lag, så det var ikkje så gale av oss samla sett.
Os speler borte mot Stord og Bjørnar før dei tar imot Førde på heimebane 16. februar. Herrelaget til Os speler neste heimekamp 2. februar.