Fjern fjerning?
Prydsteinane i Baronselva, som blei lagt ut i 2009, blir no fjerna for godt.
Arkitektkonkurranse og fylkeskommunale midlar førte i 2009 til utvikling av ein fin samlingsplass i det som tidlegare var ein bakgård i Os sentrum.
Telthusplassen blei namnet på plassen bak Telhuskvartalet, der Baronselva renn siste stykket ut mot Oselvo.
Elva blei pynta med stor, rund elvestein - men i desse dagar, fire år seinare, blir steinen fjerna.
– Delte meiningar
– Det er ikkje mi avgjerd, eg berre står for å få det utført, seier kultursjef Lisbeth Axelsen.
Os Hageservice, som bygde plassen, står for arbeidet.
– Det er delte meiningar om dette, mange synest steinane var fine, i alle fall då dei blei spylt og haldne frie for groe.
Tryggingstiltak
Årsaka til at steinane blir fjerna er i hovudsak tryggleik.
– Det gror på steinane og om ungar trør uti får dei ikkje fotfeste og kan lett bli liggande langflat.
– I tillegg er det vanskelegare for oss i kommunen å rydda vekk ting som blir kasta uti, om det er mange runde glatte steinar i elva.
– Kjem det nye steinar av annan type som erstatning?
– Det kjem kanskje elvesand, men det er noko vi først må ta opp med NVE, seier Axelsen.
– Kva med dei gamle steinane? Blir dei kasta?
– Nei. Fleire av dei blir kjørt til Grantun, der det skal opparbeidast ein ny uteplass. Andre blir levert til deponi.