Lokal | 23. mars 2016

Fjellet er kvista og klart

Om du vil ta deg ein skitur i påsken er truleg onsdag og fredag dei mest lovande dagane. – Både i Stølsheimen og Bergsdalen er løypene kvista og klare, seier André Marton Pedersen.

Fjellet er kvista og klart
To skiløpere på veg langs kvista løype til Vending i Bergsdalen i midten av mars (foto: André Marton Pedersen/Bergen og Hordaland Turlag)
Andris Hamreonsdag 23. mars 2016 09:55

Kvart år gjer tilsette og frivillige i turistforeninga ein enorm innsats med å kviste skiløypene til dei tilsaman 521 hyttene foreninga har spreidd i heile den norske fjellheimen.

– No er dei siste kvistene satt opp i Stølsheimen og Bergsdalen. Dette er terreng som er lett tilgjengeleg for osingane, seier André Marton Pedersen, turglad osing og informasjonsleiar i Bergen og Hordaland Turlag.

Her finn du informasjon om rutene og hyttene og tips til turen.

Blant hyttene og turene turlaget tilrår i påsken er Gullhorgabu og Vending i Bergsdalen.

Les turlaget sine turforslag her.

– Om du vil ha sol i ansiktet er det lurt å starte turen i nord og gå mot sør. Då kjem du heim med eit fint brilleskille, tipsar André Marton Pedersen.

Best onsdag og fredag

Er du godvêrsturist bør du vera om deg i dag onsdag. Vêrmeldingane er gode med sol og lettskya fram til i ettermiddag.

Om du ikkje rekk ut i fjellheimen i dag, eller kanskje ikkje har byrja på påskeferien enno spår meterologane ein ny dag med lettare vêr på langfredag, men det treng ikkje vera strålande sol for å få ein fin skitur.

Nye fjellvettregler

Den Norske Turistforeningen og Røde Kors reviderte fjellvettreglene tidlegare i vinter.

Då hadde dei gamle fjellvettreglene, som kom etter den verste påsken i nordmenns minne i 1967, då heile 18 mennskjer omkom på fjellet, vore fjellturistene sine rettesnor i nesten 50 år.

Les dei nye fjellvettreglane her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.