Næringsliv | 25. sep. 2013

Fiskar etter nye eigarar

Turid Leikvoll Hjelle vil driva Fisketorget Os ut 2013, men ikkje lengre.

Fiskar etter nye eigarar
Turid Leikvoll Hjelle meiner tida er moden for at nye krefter overtar Fisketorget Os AS. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. sep. 2013 09:29

Mange gledde seg over at Turid Leikvoll Hjelle og Veronika K. Engevik i 2005 starta Fisketorget Os, Os sentrum var berre halvannan månad utan fersk fisk i lokalet der familien Lepsøe hadde selt fisk sidan 1946.

Men i januar 2014 kan det vera slutt, om ikkje Turid Leikvoll Hjelle, som dei siste åra har eigd bedrifta åleine, finn nye eigarar.

– Det bør vera godt grunnlag for å driva butikken vidare, kanskje med nokre investeringar og endringar, seier Turid.

– Eg har nokre fantastiske tilsette som har takka nei til å overta verksemda, men som gjerne jobbar vidare under nye eigarar.

Litt nedgang

Fisketorget Os AS omsette for over 4,9 millionar kroner og gjekk med over 160.000 kroner i overskot i 2011.

– Lettsalta torsk, aurefilet, fiskekaker og salatbaren vår har vore blant det mest populære.

I 2012 var omsetnaden knappe 4,2 millionar kroner og resultatet 84.000 i minus.

– Eg legg ikkje ned fordi eg må, men fordi eg føler at Fisketorget treng nye krefter for å ta dei grepa som skal til for å løfta butikken over på plussida igjen.

– Cateringverksemda har vore stabil, men salet i butikken har gått noko ned. Årsakene er kanskje fleire, trur Turid, og nemner trafikk som eksempel.

– Vi fekk ei markant endring då det blei forbode å kjøra inn frå Hatvikvegen til Brugata, eg er glad for at den vegen opna igjen.

Kjøtt og kafé?

At den andre ferskvareforretninga, den tradisjonsrike butikken Kleiven Kjøtt og Delikatesse, i 2011 la ned, er også noko som kan ha hatt negativ verknad.

– Mange av kundane våre kom med ein pose med varer frå Kleiven i handa. Det var nok positivt å ha to ferskvareforretningar nesten vegg i vegg.

Samtidig kunne kjøtt blitt ei tilleggsvare hos Fisketorget.

– Fleire har kome med forslag om at vi skal utvida til også å selja kjøtt.

– Nokre meiner at vi også burde hatt stolar og bord, at vi kunne hatt kafé kombinert med butikk.

– Begge delar er sikkert gode idear, idear ein eventuell ny eigar kan ta med seg vidare.

Serverer ungdomen

Frå skulestart i august har Turid drive den nyopna kantina i Os ungdomsskule, som tilsett i Os kommune i 50 prosent stilling.

– Eg trivst godt på ungdomsskulen, men avgjerda om å selja eller legga ned Fisketorget kjem ikkje som følgje av denne nye jobben min, presiserer ho.

– Allereie i januar informerte eg dei tilsette om at eg vurderte å lata 2013 bli det siste året. Dei fekk tilbod om å overta drifta, noko dei takka nei til.

Dei to med lengst fartstid på Fisketorget, og med mat, er Ingrid Storenes, som har jobba for Lepsøe og seinare Hjelle, i til saman 22 år.

Laila Fjellberg hadde lang erfaring frå blant anna Matglede då ho blei rekruttert til Fisketorget av Turid og Veronika.

– Fisketorget er ein veldig fin arbeidsplass. Vi får håpe at nokon vil overta og at dei vil ha oss med vidare, seier Laila Fjellberg.

– Vi kjem uansett til å driva som før ut året, og kanskje litt inn i januar 2014, med same utval og alle spesialitetane vi plar ha fram mot jul, seier Turid Leikvoll Hjelle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.