Bjørnafjorden kommune | 17. mars 2022

Firma og formannskap med støtte til Ukraina-aksjonen

– Vi lar kontoen stå merkt til kampanjen ei veke til, jublar Øyvind Hægland.

Firma og formannskap med støtte til Ukraina-aksjonen
Ordførar Trine Lindborg (Ap) og varaordførar Mikal Leigland (Sp). (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. mars 2022 09:12

Støttekonserten i Os kyrkja gav 130.000 kroner i inntekt, som går til Flyktninghjelpen sitt arbeid.

Det er ny rekord for denne typen innsamlingsaksjonar i bygda.

– Det kom inn frå nokre firma under konserten, blant anna Solstrand og Alutec. I ettertid har det kome inn pengar frå både firma og frivillige lag, fortel initiativtakar Øyvind Hægland.

Unik Filtersystem har gott 10.000 kroner, LHL Os har gitt 25.000 kroner.

Vippsnummeret (89733), som Os kyrkjelyd bruker til ulike innsamlingar, var øyremerkt kampanjen til og med i går.

– No blir den merkt Flyktninghjelpen ei veke til. I tillegg er det mogleg å overføra rett til konto 3201.53.23476, viss det er lettast for firma, seier Hægland.

– Flyktninghjelpen bistår ikkje berre ved mottak på grensa, dei hjelper dei mange som er på flukt internt i Ukraina, legg han til.

Kommunen gir 52.000 kroner

I dag løyvde også Bjørnafjorden formmanskap heile 52.000 kroner til den lokale kampanjen.

Det tilsvarer cirka 2 kroner per innbyggar.

Det betyr at samla beløp no er oppe i 217.000 kroner.

Ordførar Trine Lindborg har skrive ein uttale som alle partia, også dei som ikkje er representerte i formannskapet, har slutta seg til:

Formannskapet i Bjørnafjorden er rysta over Russland sitt brutale, militære angrep på Ukraina, og tar avstand frå og fordømer Russland sin aggresjon og krigføring. Angrepet er eit alvorleg brot på folkeretten og får svært dramatiske og tragiske konsekvensar for heile befolkninga i Ukraina.

Dei siste tala vi har fått rapportert viser at nærare 3 millionar menneske no er på flukt frå heim og land. Vi i Bjørnafjorden vil leggje forholda til rette for at flyktningar frå krigen i Ukraina kan kome til kommunen.

Vi ber kommunedirektøren om å førebu og rigga kommunen og tenestene til mottak av krigsflyktningar, så snart nasjonale myndigheiter anmodar om dette.

I Bjørnafjorden bur det både russere, hviterussere og ukrainere.Formannskapet oppmodar og ber alle innbyggjarane i Bjørnafjorden om å være inkluderande, visa solidaritet, omsorg og medmenneskelegheit med alle desse i ei svært krevjande tid.

Det er Putin som er ansvarleg for krigen - ikkje russarane.

Mange born,- også i Bjørnafjorden, er no bekymra og redde for krigen i Ukraina og alt den fører med seg av liding og usikkerheit. Formannskapet er opptekne av at vaksne må ta dette på alvor og snakke med borna. Vi oppmodar alle som har born eller arbeider med born og unge å vere merksame på deira reaksjonar på situasjonen som no utspelar seg rundt oss.

Formannskapet ber kommunedirektøren gjennomgå kommunen sine beredskapsrutiner, følgje opp anmodningar frå nasjonale myndigheiter, og å iverksette nødvendige tiltak for å sikre at Bjørnafjorden si finansportefølgje ikkje har aktive investeringar i russiske interesser.

Formannskapet ber også kommunedirektøren om å ta initiativ til et møte med frivillige organisasjoner for å legge til rette for at kommunen og frivillige lag og organisasjonar er koordinert og forberedt på å bidra i mottak og integrering av flyktningar.

Formannskapet og heile det politiske miljøet som er representert i kommunestyret vil takke innbyggjarane i Bjørnafjorden, som på denne korte stunda har meldt inn ledige husvære, meldt seg til teneste som frivillige, og også samla inn penger og gåver til Ukraina.

Det er godt og trygt å sjå at så mange bryr seg og ønskjer å hjelpa.

Formannskapet i Bjørnafjorden ønskjer å støtta opp under Solidaritetskonserten i Os kyrkje si innsamling til Ukraina og gjev kr 52.000,-

Midlande vert henta frå formannskapet sitt disposisjonsfond.

Bjørnafjorden formannskap ved Trine Lindborg (Ap) Mikal Leigland (Sp) Bjarte Samnøy (Krf), Harald Lekven (uavh) Linda Kjosaas (Ap) Terje Søviknes (Frp), Laila Reiertsen (Frp), Espen Aspenes (Frp), Marie Bruarøy (H)

Gruppeleiarar og uavhengige:
Nils-Anders Nøttseter MDG
Asle Olsen SV
Magne Djuvik (Uavh)
William Lindborg (Ap)
Terje Sperrevik (Sp)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.