Fire millionar til lokale tiltak
No kan du søkja midlar til lokale tiltak for trafikktryggleik.
– Trafikktryggleiken har aldri vore betre i Noreg, og vi har i lengre tid sett ei nedadgåande trend i talet på drepne og hardt skadde på norske vegar. Det kjem som eit resultat av eit langsiktig arbeid, og eit breitt spekter av ulike tiltak.
– Blant anna speler lokalt arbeid med trafikktryggleik ei viktig rolle. Samferdselsdepartementet gir derfor støtte til slikt arbeid, og i år deler vi ut fire millionar kroner til lokale tiltak, fortel samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.
Samferdselsdepartementet ønskjer å støtta lokale initiativ og engasjement. Tilskotsordninga for lokale tiltak skal bidra til å styrka arbeid i regi av kommunar, frivillige organisasjonar, interessegrupper og andre aktørar.
For 2016 er det satt av 4 millionar kroner til ordninga og søknadsfristen er 1. juni.
Brei satsing
– Tilskotsordninga er ein del av regjeringa si breie satsing på trafikktryggleik. Det handlar om satsing på eit breitt spekter av tiltak som kan påverka trafikantane si adferd, både fysiske tiltak på vegnettet og tiltak retta mot køyretøya. I kampen mot drepne og skadde i trafikken er det viktig å jobba saman, og lokale initiativ er eit viktig bidrag.
– Eg oppfordrar alle som har eit godt lokalt prosjekt som kan gjera trafikkkvardagen lettare om å søkja, seier Solvik-Olsen.
I vurderinga av søknadane blir det lagt vekt på:
• Tiltaka som blir tildelt bidreg til det nasjonale målet om reduksjon av talet drepne og hardt skadde i trafikken.
• Dei som søkjer må ha kunnskap om lokale trafikksikkerheitsutfordringar og -behov, og forståing for kva slags målgrupper, eller ulykkestyper tiltaket rettar seg mot.
• Det blir lagt vekt på om prosjektet basera seg på samordna innsats frå fleire aktørar.
• Tiltak retta mot born og ungdom blir prioritert, samt prosjekt som stimulerer til stor grad av eigeaktivitet og frivillig arbeid.