Fire lokale noregsmeistrar
Kickboxing: Osingen Ina Grindheim tok sitt 10. NM-gull. I søskenflokken Gaassand Straume blei det 3 av 3 moglege NM-titlar.
Førre helg blei NM i kickboxing arrangert i Oslo. Ina Grindheim frå Os tok sitt 10. NM-gull.
Men ho var ikkje den einaste med «osablod» som tok gull. Kari Gaassand, som no bur i Fana, har tre born som alle (!) blei noregsmeistrar i sin klasse.
– Det har vore litt av og på med meg, men eg trappa opp i vinter fram mot NM. Det var kjekt å ta gull og ekstra kjekt at Mariell vann og blei kåra til beste junior under NM, seier eldstemann Patrick Gassand Straume (25).
Patrick tok sølv i fjor, veslesøstera Mariell (17) fekk bronse. I år blei det gull på begge - i tillegg til Raymond (23).
– Raymond starta då han var 13 år og har vore meir stabil med treninga enn meg. I fjor blei det gull i fullkontakt og kongepokal, og han klarte fint å forsvara tittelen i år.
Lett match for Ina
Ina Grindheim frå Os hadde ingen motstandarar i sin vektklasse, -65 kg pointfighting, og gjekk derfor opp ein vektklasse, til -70 kg.
Men det var ingen av dei tre tyngre deltakarane som heldt likande internasjonalt nivå som osingen.
– Eg hadde ønska meg meir motstand, at eg fekk slita meir for mitt tiande gull, seier Ina.
Både semifinalen og finalen blei stoppa i andre runde. Då leia nemleg Ina med 10 poeng, noko som tel som teknisk knockout.
Vil ikkje operera
Det blir arrangert EM og VM annakvart år i kickboxing. Ina har frå før 3 VM-bronsar, eit EM-gull, eit EM-sølv og to bronsemedaljar i EM.
Den andre tok ho i fjor haust. Då fekk ho problem med ryggen og blei lamma i beina i semifinalen.
– Legane meiner eg bør operera, men ein operasjon vil setja ein stoppar toppidrettskarriera. Eg har bestemt meg for å venta med operasjon og heller ta omsyn til skaden i måten eg trener på og i mengda konkurransar eg deltar i.
Bronse i Irland
I mars deltok Grindheim i Irish Open.
– Stemnet er eit av dei største i verda og har deltakarar på høgaste nivå, fortel Ina, som er svært nøgd med eigen bronsemedalje frå stemnet.
Vil runda av med VM
I mai skal ho til Skottland for å delta i eit treningsstemne, i juni går turen til italienske Rimini for verdscup.
– I Rimini er målet å kvalifisera meg til VM, som går i Irland på hausten. Eg kjem nok til å legga opp etter VM. Målet er å klara betre enn bronse, å runda av karriera med stil.