Fire heimekampar på 1,5 døgn
Alle dei fire seniorlaga til Os har heimekamp i løpet av 30 timar.
Skygge eller sol, setene under det nye tribunetaket på Kuventræ rekk ikkje å bli kalde det neste halvanna døgnet.
Ikkje berre fordi temperaturen er 23 gradar i Os i dag, men fordi alle dei fire seniorlaga har heimekampar søndag og måndag.
Trippel søndag
3. div herrar kl 14: Mens serieleiar Lysekloster har bortekamp mot Ullern 2 i ettermiddag, startar tabelltoar Os litt tidlegare på dagen, på heimebane mot Skedsmo på 9. plass.
Får vi sjå nok eit hattrick av Kvalvågnes? Har Fosen stilt inn siktet etter skadeopphaldet? Skal Sperrevik, som skåra 12 mål i fjor, endeleg opna kontoen?
3. div kvinner kl 18: Os på 9. plass tar imot Sotra på 5. plass.
7. div herrar kl 20: Serieleiar Os 3 tar imot tabelljumbo Stemmemyren.
Derby måndag
5. div herrar kl 18: Os 2 på 8. plass (12 poeng på 7 kampar) tar imot Nore Neset på 3. plass (16 poeng på 8 kampar).
Nore Neset vann også fredag kveld og er ubesigra med 4 sigrar og 4 uavgjorte.