Politi | 03. mai 2024
Fire forelegg på to timar
UP stod i 70-sona på Halhjemsvegen.
Susann Haukeland Børnesfredag 03. mai 2024 10:00
Torsdag gjennomførte utrykningspolitiet fartskontroll med laser på E39 på Halhjemsvegen.
– Dei stod med laser på vekta frå klokka 11.45 til 13.20, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.
På mindre enn to timar blei det skrive fire forelegg.
Høgaste fart vart målt til 84 km/t.
Det fører til ei bot på 5050 kroner, men ingen prikkar på førarkortet.