Lokal | 16. sep. 2013

Fire bilar i kjedekollisjon

Fire bilar har kjedekollidert ved Gåssandskiftet på Søfteland.

Fire bilar i kjedekollisjon
Denne skal vera den hardast skada bilen i samanstøytet (foto: Henrik Mjelva)
Andris Hamremåndag 16. sep. 2013 15:54

Politiet meldte på Twitter klokka 15.45 måndag ettermiddag at fire bilar var involvert i ein kjedekollisjon på Søfteland.

Etter det Midtsiden kjenner til skal ulukka ha skjedd ved idrettsplassen på Søfteland.

Bilane skal ha hatt retning Os då dei køyrde inn i kvarandre rett før det lysregulerte fortgjengarovergangen.

Det skal ikkje vera personskadar etter ulukka, men litt kø i området.

Alle dei involverte bilane skal vera ute av vegbanen, og stå på busslomma for å gjera unna naudsynt papirarbeid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.