Fint nordlys over Os i natt
Det er ikkje berre dagane som er strålande denne klare septemberhelga.
Laurdag kveld og natt til søndag var nordlys synleg fleire stadar i Os.
Tor Espen Skoglund, på veg mot Os sentrum i båt, fotograferte nordlyset med Liafjellet og Borgafjellet som ramme.
Høg nordlysaktivitet var annonsert på TV 2 Storm sitt nordlys-varsel:
«I områdene fra Tromsø og sørover til Stad og Dombås vil nordlyset være synlig i senit. Nordlyset vil være synlig på nordhimmelen sørover til Kristiansand og Nord-Jylland», skriv Storm.
Det er meldt meir skya i kveld og natt til måndag, men vêret skal halda seg fint.
VG Pent varslar opphaldsvêr og 17-19 gradar heile neste veke fram til søndag, med mest sol i starten og meir skya siste del av veka.
Det er mørkare kvelder og netter no i starten på hausten. Sola gjekk i går ned klokka 20.36 og sto opp klokka 06.41 søndag.
Dagane er rundt 13 timar og 50 minutt lange. Om ein månad er dagen drygt 11 timar lang, med soloppgang 07.50 og solnedgang klokka 19.