Finpuss før Rockefeller
Fire badebukser og åtte harde låtar ligg i bagasjen når Manheads i dag tar turen til Oslo og by:Larm.
Etter Urørt-finale i januar, by:Larm i februar og oppvarming for Turboneger i mai gjekk store delar av resten av 2009 med til Blood Command for dei fire osingane i Manheads. Manheads er del av Blood Command når dei spelar LIVE, og i haust var dei på Europa-turné og i januar i år spelte dei ny Urørt-finale, men då med Blood Command.
- Då vi blei invitert til by:Larm også i år, og ikkje berre på klubb, men med speletid kvar kveld, laurdag på Rockefeller, var det berre til å kasta seg i øvingsrommet. Det har vore godt å vera oss fire igjen, seier bassisten Alexander Dymbe.
Tysdag kveld tok han saman med Mads Røykenes (trommer), Jon Haaland (vokal, gitar) og Remi Christensen (gitar) siste finpuss før avreise til Oslo.
Matador tre kveldar på rad
Dei neste dagane skal Manheads spela på Gloria Flames (00.45 natt til fredag), Juvenile Rock Club (19.00 fredag kveld) og Rockefeller (laurdag klokka 21.30).
- Før jul spelte vi inn ei ny låt, Matador, som vi grunna nokre justeringar skal spela inn pånytt før den hamnar på plate. Det var demo på denne låta vi sendte inn til by:Larm-arrangørane.
HER KAN DU HØYRA LÅTA
(Ekstern lenkje, Myspace)
På badetur
I tillegg til det å få spela på by:Larm, treffa band frå rockemiljøet i Bergen som osingane har vakse saman med dei siste åra - og det å få spela på Rockefeller, ser gutane i Manheads fram til tre late dagar på hotell.
- Det blir deilig å få dekka reise og opphald! Vi har sjekka ut hotellet vi skal bu på, og der er det basseng. Vi pakkar badebukse alle mann, det er viktig å nyta livet både på og av scenen, seier Alex.
Vidare løft
Pony and the Pirates, John Olav Nilsen & Gjengen og Fjorden Baby var dei einaste som slo Manheads i Urørt-finalen i 2009. Manheads har utmerka seg fleire plassar, og blei anbefalt som verdt å få med seg under by:Larm av Dagbladet sist fredag.
- Kvart band får 30 minutt kvar med speletid per kveld, og vi ser verkeleg fram til å banka gjennom åtte låtar, både på Gloria Flames, for kidsa på Juvenile og, ikkje minst, på Rockefeller i beste sendetid laurdag.
- Men vi håpar samstundes å bli sett av dei rette folka, kanskje vi møter nokon som kan gje oss eit lite puff vidare. Det hadde vore godt med nokon i ryggen når vi satsar vidare på musikken, seier bassisten i det rundt sju år gamle bandet.
Fleire sakar om Manheads
Ekstern lenkje: by:Larm