Lokal | 01. feb. 2012

– Finn fram skøytene!

I morgon blir "trygg is"-skiltet hengt opp ved Banktjørn. Ulvenvatnet har også snart tjukk nok is.

– Finn fram skøytene!
John Lepsøy (t.v.) og Oddvar Olsen på Ulvenvatnet i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. feb. 2012 13:33

Etter cirka ei veke med minusgradar i Os tok frivillig is-testar John Lepsøy med seg ei øks og kameraten Oddvar Olsen på runde for å sjekka kor tjukk isen er på vatna i Os.

– Her på Ulvenvatnet er isen 9 centimeter, på Banktjørn og Svegatjørn er den 11 centimeter tjukk. Isen blir 1,5 centimeter tjukkare til i morgon, så då heng eg opp "trygg is"-skiltet ved Banktjørn, seier John Lepsøy.

– Då vi var unge såg dei på 3 tommar (ca 7,5 cm) som tjukt nok til hest og kjerre. Isen skal vera bra den no, så det er nok berre for ungane å koma seg utpå isen og leika, supplerer Oddvar.

Ifølgje Norsk Folkehejelp er mørk, gjennomsiktig stålis, sånn som ligg på vatna i Os no, trygg når den er 10 centimeter eller tjukkare.

Gråkvit, porøs snøis bør vera 20 cm før den blir tatt i bruk.

Ver varsam rundt bekk og bru

Ved brygga på Banktjørn renner det ut ein bekk.

– Sånne plassar skal folk passa seg, så vi har sett opp pinnar rundt den svake isen i bekkeutløpet, seier Lepsøy.

På Ulvenvatnet, der isen også snart er tjukk nok, er det andre område folk skal passa seg ekstra godt.

– Isen er litt tynnare under brua, for der er det litt straum.

Plussgradar til veka

Vil du ha glede av isen som ligg i Os bør du nytta på no medan det er kaldt.

Det er meldt minusgradar og litt snø dei neste dagane fram til søndag, men varmare i løpet av søndagen og 5 til 7 plussgradar og regn frå måndag og ut neste veke.

Sjå langtidsvarsel for Osøyro på yr.no

– På denne årsida så kan kuldebru føra til at isen frys frå undersida sjølv om det er plussgradar og regn, så det kan henda isen held seg fram til neste kuldeperiode. Men det finaste og tryggaste er nok å bruka dei komande fire dagane på isen, seier Oddvar Olsen.

Vis isvett!

1. Den mørke, gjennomsiktige stålisen må vera minst 10 cm tjukk
2. Den gråkvite, porøse snøisen må vera minst 20 cm tjukk
3. Sjølv om isen har god bereevne, hald deg vekke frå:
• Utløp av elver og bekker
• Trange sund
• Kloakkutlaup
• Langs brygger og kaiar
• Langs strender med vekslande vasstand – spesielt regulerte vatn
• Strandområder med siv og planter
4. Går du gjennom isen - leit deg fram til der isen er mørkast – der er det ope vatn. For å kom opp bruk det du har for handa av spisse gjenstandar til å hogga tak i isen. Hjelp til med kraftige spark
5. Om andre går gjennom isen - få tak i noko som kan skyvast ut til vedkomande, f.eks. ein staur, busk, ski, stavar eller ein jakke. Ikkje gå oppreist, ak deg fram på magen og skyv gjenstanden framfor deg til den går i vatnet. Er det fleire på isen så lag ei lenkje ved å halda kvarandre i beina og ak fram for å redda den som har gått gjennom.

(Kjelde: Norsk Folkehjelp)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.