Fin familiedag i «Oselvar-gata»
Sjå bildeserie frå Oselvarfestivalen.
Klokka 10 i dag var dei første på plass i og mellom Oselvarverkstaden og Oselvarnaustet for å feira båten og kystkulturen.
Oselvarverkstaden, ved ny dagleg leiar Berit Osmundsen, hadde rigga til for bygging av småbåtar, gjerne med strikkmotor. I to kar kunne motoren testast.
Forfattar av boka om oselvaren, Kjell Magnus Økland, heldt ein lærerik og morosam tale, og avslørte samtidig at boka går til trykk i neste veke.
Far og son rodde raskast
Os Mannskor song, Dursamskipnaden spelte og dagen heldt fram med kapproing, vaflar og kaffi før Kurt Røttingen, Leif Østrem og Steinar Jensen veksla på å spela i Oselvarnaustet.
Først ut i kapproinga var Os Turn mot Jadakameratene, der sistnevnte kom først i mål.
Raskast av alle var far og son Øyvind og Jonas Sundfjord.
Her er resultata:
1. Øyvind og Jonas Sundfjord
2. Karin og Jostein Røttingen
3. Bendik og Mathias Sundfjord
4. Jadakameratene
5. Solsiden
6. John Lepsøy (rodde åleine)
7. Os Turn
8. Bjørnevik Båt
9. Tove Hille og Vigdis Strønen
Nye stunt
Oselvarfestivalen var i år sprita opp med både dødsing frå altanen ved Jon Hægland (15) og tatovering av nye Os-motiv ved Torkjell Rød og Karoline Hille Nordstrønen.
Begge delar blei godt mottatt. Midtsiden kjem tilbake med feigne saker om dette - og med video.