Lokal | 16. mai 2019

Fiksar landstraum i siste liten

Skuffa båtfolk får hjelp i dag.

Fiksar landstraum i siste liten
Vibecke, Jon Erik og hunden Titt er klar for å ha båten som base under 17. maifeiringa i Os i morgon. No kan dei likevel halda isen kald til barnebarna kjem om bord. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. mai 2019 13:02

Bildeserie:

Fleire var skuffa då det i går ikkje var liv i desse boksane. (Foto: KVB)
Fleire var skuffa då det i går ikkje var liv i desse boksane. (Foto: KVB)
I dag kom brannvesenet og elektrikarar for å finna ei rask løysing. (Foto: KVB)
I dag kom brannvesenet og elektrikarar for å finna ei rask løysing. (Foto: KVB)
– Problemet er samansett, seier Smaadal. (Foto: KVB)
– Problemet er samansett, seier Smaadal. (Foto: KVB)
Graving i området 9. april. (Foto: Isac Herland)
Graving i området 9. april. (Foto: Isac Herland)
Ny automat (t.v.) kom òg på plass i dag. (Foto: KVB)
Ny automat (t.v.) kom òg på plass i dag. (Foto: KVB)
Næringskaien har 230 og 400 V, men berre 32 A, mot 80, som er ønskjeleg. (Foto: KVB)
Næringskaien har 230 og 400 V, men berre 32 A, mot 80, som er ønskjeleg. (Foto: KVB)
1 av 6

– Hadde eg visst dette så hadde vi reist ein annan stad, seier Jon Erik Moldestad.

I ei årrekkje har han og kona Vibecke feira 17. mai i båt.

– Vi har vore i Leirvik og i Bergen. I år tenkte vi å legga oss til i Os hamn for første gong, godt skjerma av bølgebrytarane, seier paret frå Lysefjorden.

– Men vi blei skuffa då vi oppdaga at det ikkje er landstraum i nokre av uttaka. Vi ringte brannvesenet (som har ansvar for drift av hamna), som sa at det var straum på austsida og ved Oseana, men vi reiste tidleg inn for nettopp å ligga tettast mogleg på Øyro og togtraseen.

– No har vi lagt på aggregat sidan i går kveld, som gir ein litt irriterande dur når du skal sova. Og det er ikkje alle som har aggregat, eit anna par frå Os let båten ligga og reiste heim for å legga seg.

Moldestad meiner dette burde vore kontrollert og reparert i god tid før 17. mai. – Det er jo berre til å ringa ein elektriker.

Samansett problem blir fiksa i dag

På veg tilbake frå intervju på flybridgen i Moldestad sin fine båt, såg vi at både brannvesenet og Sperrevik Elektro var på plass ved brygga.

– 4 av i alt 11 uttak for landstraum er ute av drift, men alle får straum i løpet av dagen i dag, seier hamnesjef Gitle Smaadal frå Os brannvesen.

– Uttaka ved Oseana og på austsida fungerer, men desse fire har vore ute av drift ei stund.

I vinter blei fleire uttak utsette for hærverk. I starten på april byrja gravearbeid i samband med ilandføring av avlaupsleidning som skal gå frå pumpehuset ved gjestebrygga til Kuhnlevika og opp til Ohara.

– Utfordringa med desse fire uttaka er samansett, og vi får ikkje ei fullverdig ny løysing i dag. Men vi legg til ein midlertidig kabel så alle fire får straum, så legg vi kabelen på permanent plass seinare.

Ny betalingsautomat

I dag har òg ny betalingsautomat kome på plass. Den førre hadde øydelagt lys, og ny skjerm kosta nesten det same som ny automat.

På denne kan du kjøpa både landligge, dusj og bubilparkering.

– Skjermen er litt vanskeleg å lesa no når sola står på, men vi skal sjå om vi får laga betre skjerming.

Manglar styrke til dei største båtane

På Os næringskai er det både 230 og 400 Volt, begge på 32 ampere.

– Dette held for MS Midthordland, men er dessverre ikkje nok til dei større båtane i næring, som sandbåtane som er her ganske ofte.

Båtane kan følgje regelverk som gjeld på sjøen, også med tanke på støy, og ligga med aggregat som kanskje lager meir lyd enn dei som bur i nærleiken set pris på.

– Vi har ønskje om å oppgradera til 80 ampere, men dette må i så fall koma i samband med meir omfattande prosjekt i hamna. Per i dag er det ikkje infrastruktur i området til at vi kan gi straumstyrke nok til dei største, forklarer Smaadal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.