Fet hagefest!
VIDEO: Det blei ein tung og tøff hagefest på Søfteland fredag då 1400 (!) fann vegen til Sanden.
Ein av sommarens store begivenheter går av stabelen på Søfteland denne helga. Søfteland Rock n' LOL blei i fjor kåra til Bergens Beste Festival og har mykje å leva opp til.
Og Søfteland-gjengen leverer!
Rammene er dei same, men opplegget rundt er om mogleg endå proffare no enn tidlegare. Likevel er sjarmen den same.
1400 besøkande
På opningsdagen fredag fann heile 1400 besøkande vegen til Søfteland og garden til Olav Valle.
- Det er jævlig fett, jublar Andreas Lindborg då vi møter han under El Caco-konserten.
- Eg trur det var ein genistrek å setja John Olav Nilsen & gjengen opp så tidleg som klokka åtte. Det gjorde nok sitt til at så mange kom tidleg.
- Ååå denne må eg berre få med meg, smiler Lindborg i det bandet startar på ei ny låt. Festivalsjefen går strake vegen mot scenekanten.
Koste seg i sola
At vêret har vore på brørne Lindborg si side dei siste dagane har nok òg gjort sitt til at mange tok turen tidleg på kvelden. Allereie då Midtsiden kom klokka 1830 byrja det å bli trongt om plassen på campen.
- Vi var her allereie klokka halv tre for å sikra oss den faste plassen, fortel ein vi møtte på veg opp til scenen.
Koste seg på scena
Ikkje berre dei besøkande koste seg i finvêret. Også dei åtte banda som entra dei to scenane på Sanden fredag såg ut til å kosa seg i dei landlege omgivelsane.
- World's best backstage 1960s museum house, twitra mellom anna bandet Millions under festivalen.
I videoen nedanfor kan du sjå klipp frå alle av dei åtte banda som spelte fredag. Desse er: The Angry Wasp, Sitrussyre, Verk, John Olav Nilsen & Gjengen, Ribozyme, El Caco, Millions og Enslaved.
Midtsiden kjem tilbake med meir om familiefestivalen, som startar klokka 12.30 i dag, og sjølvsagt om laurdagskvelden.
Video: Klipp frå fredagen på Rock N LOL (2.32. Foto: Andris Hamre)