Lokal | 16. mai 2019

Festbråk, narkobruk og ulovleg ferjetur

Dette var blant oppdraga til politiet i Os natt til i dag.

Festbråk, narkobruk og ulovleg ferjetur
Politiet rykte ut til Halhjem klokka 04.30 i natt. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. mai 2019 07:24

Onsdag ettermiddag blei ein gut påkøyrd ved Søfteland barneskule.

– Guten er uskadd. Bilførar, ein mann i 50-åra, var edru, men det er tatt beslag i førarkortet, fortel politioverbetjent Atle Birkeland til Midtsiden.

Fann narkotika på festdeltakar

Onsdag kveld, mellom klokka 20 og 21, fekk eit festleg lag på ei adresse nær Os sentrum, politiet si merksemd.

– Det var ein gjeng unge vaksne i kanskje litt for lystig lag. Etterkvart fekk vi òg nokre meldingar frå publikum som reagerte på støynivået.

I samband med festen blei ein mann i 30-åra meldt for bruk og besittelse av narkotika.

«Lurde» med seg avskilta bil frå Stord til Os

Klokka 04.30 i natt rykte politiet ut til Halhjem ferjekai. Dei hadde fått tips om at det var ein bil på ferja som var utan kjennemerke.

– Vi stoppa bilen etter at den køyrde av ferja. Det viste seg at den hadde blitt avskilta på Stord på dagen i går. Det var nokre ungdomar frå Os i bilen, dette var nok gjort for å få bilen heim på ein enkel måte.

– Bilførar er meldt og det er oppretta sak. Det er førebels ikkje tatt beslag i førarkortet, reaksjon blir opp til jurist å vurdera.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.