Fermentering som konservering
Siste møte i Os hagelag sin temaserie: «Frå hage til mage».
Torsdag arrangerer Os hagelag temakveld om fermentering som konservering.
Det er Siw Bugge Gjerdevik som held foredraget. Ho driv firmaet «Mat fra hjertet» og er lærar i mat og helse på Nore Neset ungdomsskule. Siw er både mamma, adjunkt, utdanna kokk og sjølvlærd rawfood kokk.
Hennar filosofi er at råvarer i minst mogeleg grad skal bearbeidast for å ta vare på næring, smak og bakteriemangfald i tarmen og med det gi meir energi og glede i kvardagen.
Når ein fermentere grønsaker på glas så er det mjølkesyrebakteriar som ein gjer seg nytte av. Ho vil ta med seg eigene produkt som vi kan sjå, lukte, og kanskje smaker på.
Denne kvelden vil ho fortelje og gje oss gode råd og tips og spennande oppskrifter. Vi gler oss til ein inspirerande kveld der det og er mogleg å stille spørsmål og fortelje om eigne erfaringar om fermentering av grønsaker.
Dette er det siste møtet i Os hagelag sin temaserie: «Frå hage til mage». Foredraget blir halde i Tunet kyrkje- og kultursenter og startar klokka 19. Det vil som vanleg vera lotteri og enkel servering.
Jan Helge Gram Eggestøl
Os hagelag