Ferjefri stamveg – ein blindveg
FRÅSEGN, OS SV: Os SV går imot forslaga om å byggja ein fullstendig ferjefri stamveg på Vestlandet.
Os SV går imot forslaga om å byggja ein fullstendig ferjefri stamveg på Vestlandet.
Os SV meiner at ein ferjefri stamveg som vil leia til auka langpendling, auka trailertrafikk og auka CO2-utslipp, ikkje er ei løysing for framtida.
Aukande CO2-utslipp og stigande temperaturar globalt med alvorlege konsekvensar for miljø og levevilkår på jorda, kan i løpet av eit par tiår tvinga oss til å redusera utslippa frå m.a. biltrafikk drastisk.
Derfor må vi i åra frametter investera mykje meir i kollektivløysinger, prioritert framfor vegutbygging.
Langpendling skapar i seg sjølv eit miljøproblem, og pendling er også langt på veg ein tilsikta effekt av stamvegutbygginga. Men den kan like gjerne føra til auka sentralisering, ikkje berre av arbeidsplassar, men også av busetnad, med dei samfunns- og miljøkostnadene det inneber.
Os SV meiner vidare at det er helt feil å bruka titals milliarder på prosjekt som utan klår og eintydig samfunnsgevinst vil gje skjemmande naturinngrep med gigantbruer, fyllingar, skjeringar m.v. og påverka negativt både friluftsområde og buområde. I så måte skil Bjørnefjordalternativet seg ut som spesielt ille.
For Bjørnefjordalternativet er også pårekna kostnad på 20 milliardar eit svært usikkert tal. Av utgreiinga går det fram at her er store tekniske utfordringar på til dels uprøvde område.
Kostnadskalkylen kan snøgt syna seg å ha undervurdert desse vanskane dramatisk.
Statens Vegvesen si tilleggsutgreiing om ferjefri E39 var ikkje tinga av departementet, og det er uklårt kva som er premissane for nokre av dei nye konklusjonane. Fleire miljøfaktorar er ikkje tema i utgreiinga, eller dei er mangelfullt utgreidde. Det gjeld klimautslepp, trafikkmengd, lokal ureining og naturinngrep. Det er såleis i alle høve trong for ei ekstra utgreiing på desse felta.
Det ser ut til at ferjefri stamveg er blitt eit mantra for ein del politikarar, byråkratar og media, medan folk flest truleg innser at ein framleis kan leva godt med ein ferjetur over fjorden!
Fråsegna vedteken på Os SV sitt årsmøte den 30.1.2013.
Kåre Strøm (referent).