Ferjefri E-39
Lesarinnlegg: Det er Sp og Liv Signe Navarsete som har fått gjennomslag for ferjefri E-39, og Sp er einaste parti som i alle ledd går imot bru over Bjørnafjorden.
Det er SP og Liv Signe Navarsete som har fått gjennomslag for ferjefri E-39. Sentralt i dette arbeidet er også politisk rådgjevar i samferdlsedepartementet, Sigrid Brattabø Handegard. Det er også ho, som saman med Marit Arnstad, har gjeve startsignal for Svegatjørn – Rådal.
Sigrid er 2.kandidat på Sp si stortingsvalliste.
Senterpartiet er det einaste partiet som gjennom alle ledd går i mot bru over Bjørnafjorden, den sokalla Hallerakerbrua.
Dei andre partia har anten bestemt seg for bru, eller er usikre.
Høgre sin 2. kandidat, Øyvind Halleraker, måtte forlata Stortinget sin transportkomité av di han blanda private interesser inn i offentlege vegprosjekt. Då bør han heller ikkje få veljarane sin tillit. Likevel skal Erna Solberg ha brua, trass i at fleire i Os Høgre vil ha det indre alternativet
Frp diltar nok etter Høgre over brua.
KrF i Fusa og Samnanger går inn for indre alternativ gjennom Fusa. Men Knut Arild Hareide vil gjerne ha ein statsrådpost hos Erna, og då må han følgja henne over Hallerakerbrua.
Ap er delt i synet på brualternativet.
Venstre i Os har gjort ein ærleg og god jobb for brumotstandarane, men møter motbør allereie på fylkesplan.
SV vil helst ikkje ha fergefri E-39.
Eit av argumenta som brutilhengarane nyttar er at folk på Stord må ha kort veg til Flesland flyplass. Treng dei det når dei har Stord lufthamn og kort veg til Haugesund lufthamn?
Jan Gaassand
Os Senterparti