Lokal | 21. nov. 2018

Felte gledestårer over statsbudsjettet

Ravneberghaugen har slite med tunge pensjonsutgifter. I nytt budsjettframlegg blir situasjonen endra.

Felte gledestårer over statsbudsjettet
Ranveig Klingsheim, her under opningsfest etter utviding og oppussing i mars i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. nov. 2018 12:08

Ravneberghaugen senter for mestring og rehabilitering, som fyller 120 år i 2019, har utgifter som gjer at dei kan koma dårleg ut neste gong det skal konkurrerast om å vera leverandør til Helse Vest. Dagens avtale gjeld til 2020, med opning for å utvida til 2022.

– Som leverandør til det offentlege følgjer krav om tilsvarande pensjon som offentlege tilsette. Det inkluderer historiske pensjonskostnadar, altså livet ut til tidlegare tilsette, og til etterlatte og born om tidlegare tilsette dør. Dette utgjer store utgifter, og fører til at eigenkapitalen vår minkar frå år til år, seier dagleg leiar Ranveig Klingsheim.

• Les òg: Ravneberghaugen har blitt større og finare (mars 2018)

Sjølv om kravet blei oppheva for eit par år sidan, har dei halde vilkåra like også for nytilsette, for ikkje å behandla folk ulikt. I dag er det 55 tilsette ved rehabiliteringssenteret.

– Vi har hatt ønskje om å få refundert desse meirkostnadane, og Virke har på vegne av fleire ideelle organisasjonar jobba i over ti år med å få dette til.

Regjeringspartia blei einige

I samband med statsbudsjettet for 2019 er det no fleirtal for å utvida den søknadsbaserte tilskotsorninga for ideelle organisasjonar sine historiske pensjonskostnadar.

Fleirtalet har fremja dette forslaget:

«Stortinget ber regjeringen utrede de økonomiske konsekvensene av å dekke de ideelle organisasjoners historiske pensjonskostnader for kommunal og fylkeskommunal sektor med sikre på at de dekkes av kommunene og fylkeskommunene. Utredningen bør også se på om dekningen bør gå gjennom å utvide den søknadsbaserte tilskuddsorningen som det er enighet om å etablere i budsjettavtalen for 2019.»

– Endeleg har vi fått eit viktig gjennomslag! Dette er avgjerande for at ideelle tilbod også kan eksistera i fremtida, seier administrerande direktør i Virke, Ivar Horneland Kristensen, til virke.no.

Klingsheim seier ho felte nokre gledestårer då ho tysdag kveld fekk veta om forslaget.

– For dei tilsette er det nok business as usual i dag, men for meg som sit med budsjett og ansvar for framtidig drift, var dette stort. Detaljane kjem seinare, men det vil uansett ha mykje å seia for økonomien til Ravneberghaugen og konkurranseevna vår i åra som kjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.