Fekk seg eit løft i arbeidsveka
Vi har snakka med fire av ungdomane som denne veka får prøva seg i arbeidslivet.
Tekst og foto: Isac Herland, på arbeidsveke hos Midtsiden
Denne veka er elevar ved niande trinn på Nore Neset ungdomsskule ute i arbeidslivet.
Hos Midtsiden har eg fått i oppdrag å intervjua nokre av elevane, og eg møtte tre av dei på Meny i Industrivegen, og éin på Plantasjen, på oppdrag i elektrobransjen.
Vi har spurd dei fire elevane kvifor dei valte denne arbeidsstaden, kva oppgåver dei gjorde eller fekk delta i og om dette var ein jobb dei kunne tenkja seg i framtida.
Aksel Gylløw Rokne
Arbeidsstad: Rokne Elektro AS
– Eg valte denne jobben fordi eg lurde på korleis det er å vera elektriker. Eg har fått vore med på mange forskjellige ting, blant anna å køyra lift for å skifta utelys.
– Dette er kanskje ein jobb eg kunne tenkt meg i framtida, men eg er ikkje heilt sikker, seier Aksel.
Eirik Nordfonn
Arbeidsstad: Meny i Industrivegen
Eirik seier han var lurde på korleis det er å jobba i daglegvarebransjen, i tillegg bur han i nærleiken.
– Eg har jobba mest med å plassera frukt ut i butikken.
– Det er ganske interessant å jobba i butikk, og eg kunne gjerne tenkt meg å jobba her i framtida òg.
Mandor Stålhem
Arbeidsstad: Meny i Industrivegen
Mandor valte Meny fordi stemora jobbar der.
– Eg hjelper til med å få varer på plass, å resirkulera plast og å hjelpa kundane med å finna varer som dei leiter etter.
Han seier han kunne tenkt seg å jobba på Meny, som ein start, seinare i ungdomstida.
Marthon Bahus
Arbeidsstad: Meny i Industrivegen
– Sidan eg var liten har eg lurd på korleis det var å jobba i butikk, seier Marthon om kvifor han valte Meny.
Han har rydda plast på lageret og varer i hyllene.
– Kunne du tenkt deg å jobba her seinare i livet?
– Ja, kanskje.