Fekk saftig bot for skubbing
Ein vakt gjekk i bakken på Zachariasbryggen i Bergen, ein mann frå Os må ut med 13.500 kroner.
Det var i desember i fjor at ein mann i 40-åra frå Os var involvert i ein episode der ei vektar gjekk i bakken og skadde seg i ryggen fordi han landa på ein radio han hadde festa i beltet.
Vektaren var sjukmeldt i nesten to veker grunna skaden.
Tiltalte var mistenkt for å ha skubba vakten og aktor la ned påstand om 10.000 kroner i bot.
Tiltalte møtte ikkje i retten og har tidlegare, i avhøyr hos politiet, ikkje erkjent straffeskyld.
Han har forklart at han følgte med utanfor utestaden då ein kamerat blei kasta ut, for å sjå at det gjekk bra med kameraten. Kameraten skal ha hamna i basketak med vaktane og samtidig skal nokon lagt ein arm rundt halsen på tiltalte.
Tiltalte forklarte at han vrei seg vekk, og at vektaren då må ha mista balansen og ramla.
Vektaren fortalte ein annan versjon av det som skjedde. Han ville fjerna osingen, som sto innafor nokre sperringar, men osingen motsette seg dette og skubba vakten kraftig med begge armane.
Forklaringa til vektaren blei støtta av vitne, ein polititenestemann som kom til staden medan skubbinga starta.
Tiltalte blei dømt til å betala ei bot på 12.000 kroner og til å betala sakskostnadar på 1500 kroner.