Fekk pris for å gå
Sjå bildeserie av russen i 17. maitoget.
Det såg ut som om dei fleste av dei 13 russebilane i Os har kome seg heilskinna gjennom feiringa då russen i går runda av festen med å trilla som hale på toget gjennom Os.
Men enkelte av russen tok turen til fots – og stakk med det av med pris for beste innslag i samband med Friluftsåret 2015.
Takketale av presidentane
På Kyrkjeflaten var det tale av begge russepresidentane, Christoffer Østgulen Hevrøy frå Os Gymnas og Lisa Pham frå Os vidaregåande skule.
Dei to takka foreldra sine, sponsorar, russestyra, Bjarte Andersen på Catten og politiet, og fortalte stolt om ei ryddig feiring og eit godt oppmøte på engasjement i viktige saker, som innsamlingsaksjonen Krafttak mot kreft, der dei sette ny rekord, og den nylege aksjonen for jordskjelvofra i Nepal.
Sjå bildeserie og video: Kåring av årets beste russebil i Os
Sjå bildeserie av resten av toget.
Midtsiden kjem tilbake med video frå Kyrkjeflaten, der også delar av russetalen er med.