Fekk pris for effektiv reguleringsplanlegging
Kvalitet og tempo: Aina Tjosås og Os kommune fekk pris under Citykonferansen Bergen i går.
Os kommune og Aina Tjosås vann Bygg21 sin «Beste praksis»-pris for effektiv reguleringsplanlegging og bruk av praksisrettleiaren «Steg for steg - veien til gode reguleringsplaner» på Citykonferansen Bergen i går.
«Kommunalsjef Aina Tjosås i Os kommune, hennes team og hennes foresatte i politiske råd og utvalg har gjennom effektivt og godt planarbeid lykkes i å utvikle Os kommunes attraktivitet, utvikling og konkurransekraft» står det i juryens uttale. Les heile uttalen nedst i artikkelen.
– Dette er ikkje ein pris til meg, men til heile organisasjonen, og eit resultat av Os inspirerer-tankegangen, vi er opne for og innstilte på å prøva ut nye idear i håp om å bli betre på både kvalitet og tempo, seier Tjosås til Midtsiden.
Bygg21 er eit samarbeid mellom bygg- og eigedomsnæringa og statlege myndigheiter. Målet for samarbeidet er å realisere bygg- og eigedomsnæringas potensial innanfor produktivitet og bærekraft.
Ein fasenorm utvikla av ein toppskårar
Kommunalsjefen i Os har sjølv vore med på å utvikla praksisrettleiaren ho i går fekk pris for å følgja. «Steg for steg - veien til gode reguleringsplaner» blei lansert i vår.
– Kommune-Noreg druknar i tilbod om system og fasenormar. Det blir spennande å sjå kor mange kommunar som vil ta denne i bruk, seier Tjosås.
Os kommune har også tidlegare skilt seg ut i positiv retning. Annakvart år blir bygg- og bustadutviklingsbransjen spurd om korleis dei opplever kommuneadministrasjonen sitt planarbeid, og både i 2017 og i 2015 var Os den kommunen som skåra best.
Best i alt?
Tjosås er ein audmjuk prisvinnar og seier at ho «føler det er litt som då Obama fekk fredsprisen i tidlegaste laget».
– Vi prøver å etablera ein ny praksis, å setja arbeidet vårt i system for å levera tenester av høg kvalitet, men òg med høgt tempo.
– Eg føler ikkje at vi er best i landet, men eg veit vi gjer ting annleis enn mange andre kommunar, som by-kommunane. Noko av det vi gjer annleis er at vi prøver. Det har eg ikkje inntrykk av at alle andre gjer.
Noko av det administrasjonen prøver å gjera betre er å vera «tidleg og tydeleg».
– Mistenker vi at eit prosjekt ligg an til å møta politisk motstand, eller ser ut som noko fylkesmannen vil koma med motseng til, så seier vi ifrå tidleg. Lange prosessar er dyrt for utbyggar, då bør vedkomande veta kva dei går inn i.
– Av og til testar vi også ei sak politisk tidleg i prosessen. Det er det ikkje alle kommunar som gjer. Det kostar litt tid der og då, for dei må venta på neste møte, men då får dei eit heilt anna utgangspunkt å bygga vidare på, og dei reduserer risikoen for å bruka mykje tid og ressursar på noko som i siste fase blir stoppa.
– Kva kan Os bli betre på?
– Vi kan alltid bli betre på kommunikasjon. Delar av lovverket er komplisert, at partane forstår kvarandre er vesentleg.
Juryen sin uttale
Dette seier Bygg21 om Os kommune og Aina Tjosås:
Effektive og gode planprosesser kan gi kommuner og stedets utviklere fortrinn i konkurransen om virksomhetsetablering og øke tiltrekkingskraft for ønsket bosetting, fritidsbebyggelse og kultur- og reiseliv. Realisering av gode planer gir gode rammer om folks liv.
Kommunalsjef Aina Tjosås i Os kommune, hennes team og hennes foresatte i politiske råd og utvalg har gjennom effektivt og godt planarbeid lykkes i å utvikle Os kommunes attraktivitet, utvikling og konkurransekraft.
Aina og hennes team klarer å kombinere faglig integritet og kompetanse med relasjonskompetanse, service og god samhandling. Et proaktivt planarbeid er bygd på tilstrekkelig respekt for overordnete planer og god politisk forankring. Dette har vært avgjørende for planvedtakenes realisering.
For ytterligere effektivisering av planarbeidet har Os startet å implementere tenkningen i Bygg21s fasenorm Steg for steg - veien til gode reguleringsplaner - generelt og særlig når det gjelder områdeplaner. På denne måten blir Os kommune en avgjørende pilot for at norske kommuner og utbyggere skal samarbeide godt og formålstjenlig. Når alle kommuner og utbyggere jobber etter samme norm og praksis vil det øke Norges konkurransekraft.
Os kommune setter standard for effektivt og godt planarbeid. Når Os kommune støtter seg til felles norm for beste praksis vil praksisen og resultatene i Os kunne brukes av alle.
Os kommune bruker og deler beste praksis for godt reguleringsplanarbeid.