Kultur | 03. des. 2013

Fekk osingane med i dansen

VIDEO: Navid og bodskapen hans nådde godt ut i Os i går. Framsyninga blei runda av med fleire lokale unge B-boyar på dansegolvet.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 03. des. 2013 15:59

Måndag blei ein dag som handla om å kjempa for det du vil oppnå, om ikkje å ver lat, om ikkje å ha for stort ego, om å ha det gøy og om å vera saman.

Navid kom til Os og Oseana med framsyninga Each one, teach one, som inkluderte skuleprosjektet Frikunst, med alle ungdomsskuleelevane i Os i Oseana på dagtid, workshop med dansekameraten Marvin "the Marwlessone" Melås i ungdomshuset på Haugland – og hovudframsyninga på kvelden.

På dagtid nådde Navid godt ut til ungdomen, med historien om hiphop og med måten han ser på livet på.

På kveldstid blei det meir dans og action, men også då var det historieforteljing i fokus, historia om korleis han kjempa for å bli god, om kor langt nede han var då han blei skadd i skuldra, om korleis han skuffa venane sine - og om forbilda hans, Bruce Lee, Muhammad Ali, Michael Jackson og Spiderman.

Navid kommuniserte tett og godt med publikum – og runda av det som var siste show i den to månadar lange turneen, med å dansa saman med unge breakarar frå Os, og etterpå sita i foajeen i Oseana og prata med dei i ein dryg halvtime.

VIDEO: I mellomtida kan du sjå 7 minutt av framsyninga i Oseana måndag kveld, med Navid Rezvani «B-Boy Spaghetti», Marikken Heitkøtter Bratlie, Catherine Michelet, Andreas Bratlie og Marvin "the Marwlessone" Melås. (Foto: KVB, Midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.