Fekk nokre utfordringar
I dag blei den første asfalten lagt: Rundkjøringa ved Amfisenteret skulle etter planen blitt ferdig i sommar, men utfordringar på vegen har forsinka prosjektet.
- Vi fekk nokre småproblem før sommaren, men no er vi på rett spor igjen, fortel Marit Rogne ved Statens vegvesen
Meir omfattande
Det viste seg at arbeidet med massene var meir omfattande enn dei trudde på førehand.
- Arbeidet som står igjen er meir rutineprega og vi satsar på at alt går fint vidare.
Ei anna utfordring er også å jobba parallelt med at traffikken skal gå som normalt, både for bilar, fotgjengarar og dei som skal inn til senteret og bustadfelta bak Amfi.
- Det er ei utfordring, men ei utfordring vi i Statens vegvesen ikkje er uvande med, fortel Rogne.
Kor tid rundkøyringa vil stå klar kan ikkje Rogne seia, men ho reknar med dei får ein ny dato på neste byggemøte.
Gangeveg om Varåsen
I sommar har det vore gangveg gjennom byggeområdet, men den han no igjen blitt lagt om Nedre Varåsen igjen.
- Det er litt lengre å gå for fotgjengarar, men for at det skal vera tryggast mogleg så måtte det gjerast på den måten.
Rogne fortel vidare at dei jobbar på eit lite og trangt område og det er store maskiner som held på med arbeid.
- Vegen er lengre, men tryggare, så vi håper dei innser at vi gjer det for deira eige beste.