Lokal | 15. nov. 2018

Fekk nei til skjenking på frivilligfest

Osfest-arrangørane må «sona karantene», men gjennomfører arrangementet likevel.

Fekk nei til skjenking på frivilligfest
Laurdag 1. desember, på dagtid og utover ettermiddagen, vil Osfest samla dei frivillige i Vognhallen. Kveldens frivillig-pub må løysast på ein annan måte. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. nov. 2018 10:21

Laurdag 1. desember vil Osfest-arrangør Os Live AS laga ei samling i Vognhallen for folk som jobbar frivillig under festivalen og andre arrangement gjennom året.

I år har Os Live arrangert konsert i Vognhallen i juni, festivalen Osfest i august og, når desember kjem, den årlege vesle nyttårsaftan-storkonserten i Nore Neset Aktivitetshus.

– Arrangementet i Vognhallen i desember er planlagt med registrering av frivillige på dagtid, informasjonsmøte på ettermiddagen og eit festleg lag på kvelden, fortel festivalsjef Tor Egil Hylland.

Men Os Live har fått nei på søknaden om skjenkeløyve.

– Vi gjennomfører likevel, men ser om vi ordnar oss på ein annan måte på kvelden, anten ved å overlata skjenking til andre, eller om samlar oss på ein stad der det er skjenking.

Årsaka til avslaget

Etter fleire år på rad med få merknadar frå skjenkekontrollørane, fekk kontrollørane i løpet av årets festival ein litt fyldigare rapport.

Dersom søkar hadde permanent skjenkeløyve kunne dette ha medført at selskapet blei ilagt opptil 15 prikkar for dette arrangementet. I tillegg til kontrollen i år utførte Securitas også kontroll av same arrangementet i 2017 som avdekka brot tilsvarande 2 prikkar. Dette tilsvarar 17 prikkar totalt i løpet av ein periode på to år, skriv Os kommune i avslaget på søknaden.

Sidan Os Live er ein fast arrangør i Os, meiner kommunen at dei på lik linje som utestadane, må få ein reaksjon.

– Brota er så alvorlege at ein skjenkestad normalt ville fått inndragning av skjenkebevillingen for eit kortare tidsrom, om det var snakk om ein skjenkestad med fast løyve.

Ifølge retninsglinene for sals- og skjenkeløyve is Os kommune heiter det at: «Dersom løyvehavar i løpet av ein periode på to år er tildelt til saman 12 prikkar, skal kommunestyret inndra løyvet for eit tidsrom på ei veke. Dersom det i løpet av toårsperioden blir tildelt fleire enn 12 prikkar skal kommunestyret auka lengden på inndragninga tilsvarande».

– Ein kort periode med manglande kontroll

Osfest viser forståing for avslaget, og er samtidig glad for at det er ein frivilligfest og ikkje eit større arrangement som blir råka.

Skjenkeansvarleg i Osfest, Øyvind Blindheim, forklarer kvifor dei på kort tid fekk mange merknadar.

– Det var i samband med samtidig ankomst av større publikumsmengder fredagen at vi ikkje hadde fordelt mannskapen godt nok. Det gjorde at vi både hadde for dårleg kontroll på dei som kom inn, og på kven som fekk kjøpt alkohol i baren.

Noko av det kontrollørane avdekka var at mindreårige hadde fått kjøpa drikke, og at ein kar som sto nede ved toaletta hadde fått med seg ei rusbrus inn på festivalområdet.

– Vi tok raskt grep, og fekk plassert dei innleigde, profesjonelle vaktane på ein betre måte. Vi har fått ros for måten vi fekk tilbake kontrollen på, og har sett på eigne rutinar i forkant av komande arrangement, seier Blindheim.

Os kommune avsluttar avslaget med å skriva at «vi vil presisera at Os Live står fritt til å søke om skjenkeløyve for seinare arrangement».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.