– Fekk inspirasjon av å flytta til Os
Vedholmen Galleri opnar dørene for årets kollektive sommarutstilling laurdag. Ein av kunstnarane er nett blitt osing, og det har resultert i fleire nye kunstverk.
Det er sol og det nærmar seg sommar og hos galleriet i vatnkanten i Søre Øyane er det hektisk aktivitet. Juni betyr den årlege opning av sommarutstilingen med galleriets eigne kunstnarar og no er siste innspurt med å få alt på plass. Heile 18 ulike kunstnarar vil bli vist fram på vernissagen på laurdag, 8 i galleriet og 10 i galleri-butikken.
– Då kjem fleire av kunstnarane til å vera til stades, det er ekstra kjekt at publikum får moglegheit til å prate med dei som har laga kunstverka, seier galleriinnehavar Vibeke Harild.
Utstillinga vil vera av typen «cash & carry» som gjer at du kan ta med deg det du kjøper på dagen og utstillinga vil difor endra seg etter kvart.
– Det måtte bli Os
Ei av dei som er på plass på laurdag, og som stiller ut for fyrste gong på Vedholmen Galleri, er den ferske osingen Synneva Heradstveit. Ho arbeider med akvarellmåling og er utdanna ved Bergen Kunsthåndtverksskole og Vestlandets Kunstakademi.
Rett før jul flytta ho frå Bergen til Os, og det er noko ho ikkje har angra på.
– Etter mange år i Bergen var det på tide å flytta. Eg har slekt her i Os og fann ut at viss eg skulle flytta på meg så måtte det bli her. Det er eg glad for at eg gjorde.
Heradstveit fortel at alle bildene ho stiller ut har blitt til etter at ho flytta frå byen til bygda.
– Eg kjenner at eg har fått ny inspirasjon etter at eg flytta og temaet i bildene er mitt møte med Os sitt landskap.
Med titlar som «Blue morning», «Silence», «Moonlight» og «Evening sky» er det tydeleg at Heradstveit har blitt inspirert av omgjevnadene på sin nye heimplass.
– Sjarmerande og eksotisk
Sjølv om dette er fyrste gongen ho stiller ut på Vedholmen Galleri så er ikkje staden ukjent for ho.
– Eg har fulgt med og vore her på fleire utstillingar. Galleriet er sjarmerande og eksotisk og eg er imponert over kva dei har fått til her ute.
– Dei er flinke dei som driv galleriet, seier ho og siktar til Vibeke og mannen hennar Peter Marron.
Salsrekord på forrige utstilling
Salsutstillinga varer fram til 24. juli og Harild fortel at det er luksus å vera gallerist når det kjem så flotte arbeider deira veg.
– Eg er så takksam for at dei prioriterer å koma ut her.
Forrige utstilling i galleriet var Festspillutstillingen og omsetninga på opningsdagen var den høgaste nokon gong på dei 17 åra galleriet har eksistert.
– No gler vi oss til laurdag og håper vi held fram med den positive trenden vi har hatt dei 1,5 siste åra.
Andre kunstnarar som er med på utstillinga er: Manuel Portioli, Line Hvoslef, Jan Erik Willgohs, Henriette Hagelien, Kjell Johannessen, Sarah Louise Reed, Peter Marron, i tillegg til to andre nye kunstnarar, Birgit Brühl og Frode Lillesund.