Kultur | 29. des. 2011

Fekk helsing av Vegard

VIDEO: Gjennom heile hausten har Sandra Olsen (12) heia på Vegard Leite. I kveld fekk ho bursdagshelsing frå scenen, autograf og bilde saman med idolet.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. des. 2011 23:58

Bildeserie:

Vegard og Marianne i garderoben før konsertstart. (Foto: KVB)
Vegard og Marianne i garderoben før konsertstart. (Foto: KVB)
Mange kom tidleg og sikra seg plass ved scenekanten. (Foto: KVB)
Mange kom tidleg og sikra seg plass ved scenekanten. (Foto: KVB)
Vegard gjekk rett på og starta med "What are words". (Foto: KVB)
Vegard gjekk rett på og starta med "What are words". (Foto: KVB)
249 løyste billett. Med foreldre var det rundt 400 i salen. (Foto: KVB)
249 løyste billett. Med foreldre var det rundt 400 i salen. (Foto: KVB)
Idol-finalisten hadde blokka full av songar vi har hørt han synga på TV2. (KVB)
Idol-finalisten hadde blokka full av songar vi har hørt han synga på TV2. (KVB)
Og så overraska han med spanske Cancion del Mariachi frå filmen Desperado. (KVB)
Og så overraska han med spanske Cancion del Mariachi frå filmen Desperado. (KVB)
Etterpå var det nesten ein time med autograf-skriving. (Foto: KVB)
Etterpå var det nesten ein time med autograf-skriving. (Foto: KVB)
Også Marianne måtte skriva autografar. (Foto: KVB)
Også Marianne måtte skriva autografar. (Foto: KVB)
Konsert nummer to blei for rundt 90 tenåringar. (Foto: KVB)
Konsert nummer to blei for rundt 90 tenåringar. (Foto: KVB)
1 av 9

Vegard Leite samla rundt 500 til dobbelkonsert i Nore Neset Aktivitetshus torsdag kveld.

– Vi hadde venta fleire tenåringar til konsert nummer to, men hadde mange nok gjestar til at arrangementet gjekk i pluss, seier Morten Døsen frå Nore Neset idrettslag nøgd.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

249 løyste billett til familiekonserten, desse hadde med seg rundt 100 vaksne som kom gratis inn. 90 tenåringar hadde kjøpt billett til konsert nummer to.

Bursdagshelsing til Sandra

Blant dei mange som kom på konsert nummer éin var Sandra Olsen, som fylte 12 år i dag.

Etter å ha takka alle for god støtte under Idol-sendingane i haust gratulerte Vegard Sandra med dagen.

Så sparka han i gong med Chris Medina-låta "What are words", låta Vegard song på første audition.

Tok ein spansk ein

Vegard heldt fram med mange av låtane vi har høyrt han synga i Idol, frå Tom Petty og Ozzy Osbourne til Jon Bon Jovi, Hellbillies, Guns N Roses og årets Idol-låt.

Men han kom også med ein krevjande låt vi ikkje har sett han framføra før, etter "Den finaste eg veit" kom den spanske låta "Cancion del Mariachi" framført av Antonio Banderas i actionfilmen "Desperado".

Originalen kan du sjå på YouTube. Vegard sin versjon ser du i siste del av videosnutten under.

Tålmod og kvalitet

Å oppleva Leite LIVE var bevis på at han var verdt å senda vidare i Idol.

Den gode, stødige stemma hans kom tydeleg fram i Nore Neset Aktivitetshus i kveld.

Etter den første konserten tok han seg god tid til å møta fansen. Køen var lang, men Vegard sat i nesten ein time, heilt til sistemann hadde fått autograf og bilde.

Etter konsertane gjekk turen til by'n og togstasjonen, for Vegard og Marianne skal feira nyttårsaftan på Geilo saman med venar.

Kanskje tar Marianne Vegard med seg til Os for å spela igjen. Då ønskjer vi oss ein konsert berre for vaksne, for repertoaret og framføringa passar godt på fest.

VIDEO (10:20): Sjå 10 minutt av konserten på Nore Neset. Trykk på dei fire pilene nedst til høgre for fullskjermvising. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.