– Fekk gode svar
Semifinale for handballherrene og kvartfinale for damelaget til Os Turn i åpningscupen. – Turneringa gav gode svar på kva vi treng jobbe med framover, seier dei to trenarane.
Både damelaget og herrelaget til Os Turn deltok i åpningscupen i Haukelandhallen i helga. Etter ein litt tung start fredagen, kor båe laga gjekk av banen med tap, tok det seg opp laurdag.
Damene slo Stord 19-11 og Voss 32-14 og blei med det klare for kvartfinale mot arrangørklubben Årstad.
– Der blei det diverre to-målstap 16-18.
– For oss var dette ei turnering kor vi skulle øve på samspel i etablet angrep. Vi har ikkje hatt særleg kamptrening så langt i oppkøyringa, men har prioritert meir teknisk trening.
– Alt i alt er eg nøgd. Vi fekk mange svar, i høve til kva vi må jobba meir med framover mot seriestart, fortel dametrenar Erlend Lyssand.
Framgang å spore
Det fekk også herretrenar Jesper Svensson. Osherrane starta med tap mot Årstad, før også Åsane blei for sterke i den siste innleiande kampen. Som nummer tre i pulja møtte Os Bergen HK, som puljetoer i den andre pulja.
Osherrene viste kva som bur i dei og slo Bergen greitt. I semifinalen sto igjen Åsane på motsatt banehalvleik.
– Det enda med eitt-målstap.
– Eg tykkjer det går på fram frå kamp til kamp.
– Vi fekk brynt oss mot gode lag som vi møtar seinare i serien, men har progresjon og det er det viktigaste.
– Vi har ein litt tynn stall, så vi skulle gjerne hatt fått med oss nokre fleire spelarar.
– Som damene har vi eit stykkje å gå fram til seriestart, men vi jobbar på, avsluttar Svensson.
Samarbeider med Tertnes
Lyssand hadde i helga to trenarjobber, då han òg var lagleiar for dei unge jentene på Tertnes Elite.
– Vi samarbeider med Tertnes, Viking og Gneist i høve den landsomfattande jenter-18 serien.
– Difor stilte vi eit eige lag for dei unge jentene i åpningscupen. Dei gjorde det bra og kom til semifinalen kor dei måtte sjå seg slått 20-29 av Fyllingen.
– Spesielt imponerte Vilde Brattabø meg på det unge Tertneslaget, avsluttar Lyssand.