Kultur | 28. juni 2010

Fekk fyr i publikum

- Det var uvant med gråvêr, men gledeleg med jam, matiné og solskin laurdag, seier festivalsjef Gunnar Nagell Dahl.

Fekk fyr i publikum
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 28. juni 2010 22:34

Bildeserie:

1 av 17

- Det var uvant å ha regn i starten, og meteorologane kaller vi berre for spåkoner frå no av, for vi måtte venta lenger på sola enn vi hadde trudd, seier festivalsjef Gunnar Nagell Dahl.

Osøren Blues og Jazzfestival har vore velsigna med finvêr kvart år sidan starten i 1999, og solskin er eit godt supplement til festival i sjøkanten.

Men besøket var likevel godt, også om fredagen.

- Vi hadde om lag like mange om fredagen som i fjor, og rundt 1000 i Vognhallen laurdag. Vi har ikkje finrekna på det endå, men eg trur vi kjem fint ut av det økonomisk.

Vellukka heildagstilbod
Nytt i år var utvida program frå 11-tida laurdag formiddag til siste note i 1.30-tida natt til sundag.

- For det første hadde vi ei fin opning med Olav Undeland i sentrum fredag, og fullt hus og god stemning på opningskonserten med Marius Neset i Visningssenteret.

- Konsert om formiddagen, jam i 13-tida og matiné i 15-tida fekk det til tider til å koka i Visningssenteret.

Spelte med knust ror
Heilt utan uhell blei ikkje årets festival. Som i fjor ville arrangørane vekka båtfolket med ein liten konsert om bord i den vesle skøyta Snøgg, men det gjekk ikkje heilt etter planen.

- Båten bakka i ein annan båt, knuste eige ror og blei sitjande fast i plattforma på den andre.

- Men folk tok det med eit smil, dei andre båteigarane serverte til og med kaffi til artistane, som heldt fram med å spela sjølv om skuta sto fast, ler Gunnar Nagell Dahl.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.