Politi | 17. okt. 2024

Fekk forelegg i Endalausmarka - men ikkje for fart

Politiet har mottatt hittegods og hatt fleire trafikkontrollar.

Fekk forelegg i Endalausmarka - men ikkje for fart
E39 gjennom Endalausmarka. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. okt. 2024 10:14

Onsdag litt før klokka 09 hadde politiet adferdskontroll i Endalausmarka.

– Det var to kontrollerte og éin reaksjon, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Vedkomande fekk forelegg for bruk av handhalden mobiltelefon, og vedtok forelegget.

Blir du tatt med å fikla med mobiltelefonen, kostar det deg no 10.200 kroner, ein auke på 500 kroner frå i fjor.

I tillegg kjem det, som før, tre prikkar på førarkortet. Eller seks prikkar, om du er i prøvetida.

Seinare på dagen hadde UP kontroll ved stoppskiltet mellom Lepsøyvegen og E39.

Dagens før 7,5 månadar med stenging av trafikken i krysset, blei det skrive ut fire forelegg.

I 11.30-tida onsdag fekk politiet melding om ein funnen bag på Ulven.

– Den blir levert til politiet, så dei som saknar bagen kan kontakta Bjørnafjorden politistasjon.

Politiet på plass ved Storestraumen for vedlikehaldstrening av droneflyging. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Politiet på plass ved Storestraumen for vedlikehaldstrening av droneflyging. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

Gjennom dagen i dag skal politet ha drone i lufta over Søfteland.

– Det blir gjennomført øving, og naudsynt varsling og løyve til øving var gitt, seier Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.