Politi | 26. jan. 2024

Fekk forelegg etter å ha køyrd i 118 km/t i Lyshorntunnelen

Politiet hadde tre trafikkontrollar i Os i går.

Fekk forelegg etter å ha køyrd i 118 km/t i Lyshorntunnelen
Lyshorntunnelen retning Bergen. (Foto: Nora Flatseth Trippestad)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. jan. 2024 08:40

Torsdag klokka 19.50 blei eit køyretøy stoppa av politiet etter fartsmåling i Lyshorntunnelen.

Bilen var målt til 118 km/t, fartsgrensa på motorvegen er som kjent 100 km/t.

– Førar vedtok forelegget, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

118 i 100-sone fører til 6700 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet.

Tidlegare på dagen, i 10.40-tida, var det eit trafikkuhell i Lyshorntunnelen retning Bergen.

– Bilistane stoppa på ei lomme og blei einige om å møtast på Lagunen for å skriva skademelding. Politiet rykte ikkje ut, og har heller ikkje oppretta sak.

I 12.30-tida torsdag sto politiet med laser på E39 i 70-sona forbi vekta på ytre Moberg.

– Det blei skrive ut eitt forenkla forelegg. I tillegg er det oppretta sak etter at ein bilist ikkje vedtok forelegget patruljen ville dela ut.

På morgonen torsdag hadde politiet promillekontroll på Halhjemsvegen.

51 førarar blei kontrollerte utan at det førte til reaksjonar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.