Fekk fire månadar i rabatt
Ei kvinne som kjørte i 81 km/t i 50-sona i Hegglandsdalen slepp unna med to månadar utan førarkort.
I april i år blei ei kvinne i 30-åra tatt då ho kjørte bil i 81 km/t i ei 50-sone på Hegglandsdalsvegen.
Då ho i august møtte i retten innrømte ho å ha kjørt for fort, men ba om kortare tid utan førarkort grunna helseproblem i familien.
"Retten viser til at fartsoverskridelsen etter tapsforskriften § 2-2 nr 3 kvalifiserer til inndragning av førerrett i 6 måneder. Etter forskriften § 1-3 skal det imidlertid legges vekt på virkningen tap av førerretten antas å ville få for innehaveren, såfremt virkningen fremstår som vesentlig mer byrdefull enn det som normalt kan påregnes."
Aktor ba om tap av førarretten i 6 månadar, men Nordhordland tingrett tok omsyn til kvinna sitt behov for førarkort og reduserte straffa til 2 månadar.
Kvinna må også betala 9000 kroner i bot, mot 11.000 om ho ikkje hadde innrømt å ha kjørt for fort.