Lokal | 26. sep. 2013

Fekk fengselsstraff for trugslar

Ein gut frå Os må inn til soning etter trugslar mot barnevern og politi.

Fekk fengselsstraff for trugslar
Bergen tinghus. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. sep. 2013 11:06

I juni i år blei ei kvinneleg tilsett i barnevernet utsett for grove trugslar etter eit vedtak om akuttplassering av ein ungdom.

Han skal blant anna ha sagt at han skulle få nokon til å ta livet av kvinna, at han visste alt om ho og familien hennar, og at ho burde koma seg vekk frå Os.

Under transport til akuttlasseringa blei også ein politibetjent truga, om ikkje dei slapp han laus kom nokon til å bli skadd.

Tiltalte møtte i retten og erkjente straffeskuld. Han forklarte at han ikkje hugsar akkurat kva som var sagt, men at han hugsar at han var sint og rusa.

Osingen blei dømt til 1 år fengsel, der 10 månadar blir gjort på vilkår, og med ei prøvetid på to år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.