Fekk eitt år til
Hausten 2012 starta "Kjør for Livet" opp med med fem ungdommar i stallen. Tysdag vedtok formannskapet å forlenga engasjementet eitt år til.
Knut Ove Børseth, gründer og dagleg leiar i organisasjonen "Kjør for Livet" tok formannskapet med storm for vel eitt år sidan og fekk støtte til å starta opp forebyggande arbeid blant utsette ungdom gjennom samarbeid med Os MC og MX-klubb.
Tysdag var saka oppe til ny diskusjon i formannskapet, då med spørsmål om å løyva 370 000 kroner for kommande skuleår.
– Tilbakemeldingane frå prosjektet har vore gode, også frå ungdommane og deira familie, men som dei skriv i rapporten er det verdt å merka seg at det er behov for rolleavklaringar og tydeleggjering i høve prosjektet, innleia ordførar Terje Søviknes (Frp).
Positivt, men...
Jon Sivert Rykkel (V) var samd i at tiltaket er positivt for dei ungdommane som er involvert i prosjektet, men peika samstundes på at det er 370 000 kroner er mykje pengar i den situasjonen oppvekst- og kulturområdet er i, kor dei (før dagens formannskapsmøte, sjå eigen sak, journ.mrk) må kutta 6 millionar kroner på driftsbudsjettet, noko Eirik Neverdal (TvS) var samd i.
– Det er litt vanskeleg å bevilge pengar til eit så spesifikt tiltak, samstundes som vi må kutte ned på rammene ellers innan området.
– Det føles feil i den situasjonen vi er no.
For tidleg å evaluera
Marie Bruarøy (H) delte til ein viss grad Rykkel si uro, men såg det samstundes feil å kutta støtta til Kjør for Livet etter berre eitt års drift.
– Vi var klar over det i fjor at det var mykje pengar til ei relativt lita gruppe ungdommar. Samstundes meinte vi, og det trur eg framleis, at det er betra å forebygga enn å reparera.
– Eg tykkjer rapporten frå Kjør for Livet er litt tynn, det blir mykje ord og repetisjonar. Det kunne vore kjekt å få ei breiare orientering om arbeidet deira og dei resultata dei har oppnådd gjennom det første året.
– Vi i høgre er klare for å gje dei eitt år til, men då vil vi ha ei meir utfyllande evaluering til neste år.
Mykje pengar, men ikkje dyrt
Ordførar Terje Søviknes støtta Bruarøy i å løyva midlar for eitt år til.
– Tilbakemeldingane er så positive at det er verdt å gå ei runde til, for å få ei meir omfattande rapportering.
– Dessuten tek vi denne løyvinga frå formannskapet sitt disposisjonsfond, så det går ikkje utover området si ordinære ramme, argumenterte Søviknes.
Kommunalsjef Ingvar Torsvik var samd i at 370 000 kroner er mykje penger.
– Sjølv om det er mykje pengar, så er det ikkje eit dyrt tiltak.
– Det handlar om danning og utdanning, heilt i tråd med korleis vi tenkjer på oppvekst og kultur. Dei fem ungdommane som har vore med i år, har hatt stort læringsutbytte av å vera med.
– Eg må òg legga til at det har vore utfordrande, men det har vore ei positiv læring også for oss andre på området å samarbeida med Kjør for livet.
– Vi drøfta om vi skulle ha ei meir grundig evaluering, men konkluderte med at det var for tidleg. Prosjektet har ikkje fått satt seg skikkeleg i løpet av berre eitt år.
– Fem nye ungdommar vil få tilbodet frå hausten, forklarte Torsvik før formannskapet gjekk inn for å løyva midla mot røystene til V og TVS.