Fekk driving range under tak
– No er det få på Vestlandet som kan by på like gode treningsfasilitetar som oss, seier Eivind Hodneland ved Bjørnefjorden Golfklubb.
Bjørnefjorden Golfklubb opplever ein sommar med oppsving.
– Banen er i veldig god stand, vi har vore heldige med vêret og vi har fått på plass ein svært oppgradert driving range, seier dagleg leiar Eivind Hodneland.
– Vi har hatt veldig mykje speling på banen i sommar og får strålande tilbakemeldingar på anlegget, også frå tilreisande gjestar som skryter over både graset, hola og treningsfasilitetane, seier pro Sverre Marcelius.
Tak og lys over 8 av 18
Før ferien sto den ferdig, bygningen med opphaldsrom og tak over 8 av dei 18 utslaga.
– Gode og rause sponsorar saman med fantastisk dugnadsinnsats gjorde at vi fekk realisert dette.
Å stå under tak når det regnar har sine klare fordelar, i tillegg kjem det lys under taket, noko som blir ein stor fordel for golfspelarane utover hausten og vinteren.
Next level: Ny markering og skilting
Next level, eit system for trinnvis nye utfordringar på driving rangen, er også på plass hos Bjørnefjorden Golfklubb på Hauge.
– Merke er sett opp for dei ulike nivåa ute på feltet og nye skilt er på plass, som viser kva spelarane skal sikta seg inn på for dei ulike avstandane.
Klubben har fått hjelp til plan og avtandar til next level-systemet frå Norges Golfforbund.
– Dette gjer treninga betre og meir inspirerande for både nybyrjarar og erfarne golfspelarar, seier Hodneland.
Nytt opphaldsrom
I bakkant av det nye taket over driving rangen er ein bygning med eit stort, nytt opphaldsrom.
– Her kjem sitjegrupper, kaffimaskin, brusautomat og skjerm, så vi kan setja oss inn og ta pause eller varma oss litt når vi er på trening.
– Avstanden er ikkje stor opp til klubbhuset, men dette opphaldsrommet blir sjølvbetjent og ope også når administrasjonen har fri og klubbhuset er stengt, så det blir eit tilleggstilbod mange vil få glede av, seier Hodneland.
– Avansert minigolf
Ved sidan av generelt vedlikehald om små justeringar på eksisterande anlegg har Bjørnefjorden Golklubb fleire planar om større utbetringar.
– Vi har eit hol som skal byggast om i løpet av vinteren og vi har plan om ein pitch- og puttebane ved innkjøringa frå Hatvikvegen, på venstre hand når du kjører inn mot klubbhuset.
Banen får 6 utslagsplassar mot tre ulike hol og får eige scorekort.
– Dette blir ein bane som blir enkelt og trygg å bruka også for dei utan erfaring frå golf, for eksempel familiar, venegjengar eller skuleklassar. Det blir som ei avansert form for minigolf, enklare enn minigolf, men med utstyr og utfordringar som på ein vanleg golfbane, seier Eivind Hodneland.