Fekk det tøft austpå
Handballjentene til Os reiste austover med håp om to poeng, men måtte innsjå at motstanden blei for tøff.
Jenter 16-laget til Os kvalifiserte før jul til den nasjonale Bringserien, kor dei møter lag får heile landet gjennom fire seriehelger.
Denne helga gjekk turen til Østre Greverud Idrettshall kor vertsskapet Oppegård og Skienslaget Gjerpen var motstandarar.
– Den første kampen mot Oppegård blei ein merkeleg oppleving. Vi får direkte raudt kort på dei to minste, men likevel av dei viktigaste spelarane våre. Verken vi eller motstandarane skjønte nokon ting av dei dommeravgjersla. I det eine tilfelle var ikkje Os-spelaren i nærleiken av motstandaren ein gong. Eg har aldri vore borti noko liknande nokon sinne, fortel trenar Gitte Torp.
Os - Oppegård 14-29
Utv: Os 4 x 2 min, 2 direkte raude kort. Oppegård ingen
Os sitt lag: Malene Tysnes, Irmelin Lund 1, Amalie Lyssand, Bente Mjanger 5, Mia Torp Nielsen 3, Jenny Sælen, Oda Lekve, Irmelin Sandven, Regine Sten 2, Thiet Dang 1, Liv Pauline Lunde 1, Anne-Grethe Karstad, Vilde Engelsen, Malin Mikalsen 1, Christine Moberg.
– Oppegård var eit godt lag, og vi hadde nok kanskje tapt uansett, men det blei ein veldig merkeleg kamp. Jentene lot seg påvirka av avgjerda og batt seg veldig ute på banen.
– Sjølv om det blei som det blei, så vart det iallefall lærerikt både for jentene og oss på benken, oppsummerar Torp.
Mia Torp Nielsen blei kåra til Os sin beste spelar.
Reiste seg
Etter å ha rista av seg frustrasjonen og skuffelsen etter Oppgård-kampen møtte Os Gjerpen, som er rangert som eitt av dei tre beste laga i serien.
– Jentene gjer ein kjempekamp mot Gjerpen. Dei imponerar med måten dei har klart å nullstille og går utpå der med ein glød og iver som er heilt fantastisk.
– Vi taper rett nok med fire mål, men eg er likevel utruleg nøgd. Vi hadde ein fair sjanse mot Gjerpen, som slo Oppegård med seks seinare på dagen, oppsummerar Torp.
Gjerpen - Os 28-24 (13-11)
Utv: Gjerpen 1 x 2 min, Os 1 x 2 min
Os sitt lag: Malene Tysnes, Irmelin Lund 1, Bente Mjanger 7, Mia Torp Nielsen 6, Jenny Sælen, Oda Lekve, Irmelin Sandven, Regine Sten 1, Thiet Dang 4, Liv Pauline Lunde 3, Anne-Grethe Karstad, Vilde Engelsen, Malin Mikalsen, Christine Moberg 2.
Bente Mjanger blei kåra til Os sin beste spelar.
Om berre fjorten dagar skal jentene på ny tur når dei møter Sandefjord og Gimletroll i Kristiansand.