Fekk dansa med Apa
Spelte inn musikkvideo i Øyane: Sjølvaste Apa frå den populære TV-serien Vennebyen besøkte Søre Øyane Naturbarnehage i dag.
Grunnen til at Apa kom innom var at barnehagen skal vera med i musikkvideoen "Vennefloka" som Vennebyen står bak .
- Eg såg påmeldinga på nettet i april, og fann ut at dette hadde vore midt i blinken for barnehagen vår, seier Stine Haldorsen, mor til eit av barnehageborna.
Ho meldte dei på, og 8. mai fekk ho svar om at dei fekk vera med.
70 barnehagar får besøk
Vennebyen er ein TV-seriesuksess for born, i hovudsak dei mellom 2 og 6 år, skapt i Bergen. I Vennebyen følgjer vi rekruttane Apa (politi), Elfie (brannvesenet) og Ted (ambulanse).
- Vi har hatt stor pågong frå barnehagar som har ønska å få oss på besøk, så derfor kom vi opp med dette konseptet, seier Tom Kristoffersen frå Vennebyen.
Det er rundt 70 barnehagar frå Aust- og Vestlandet som skal vera med i musikkvideoen som skal leggast ut på YouTube i løpet av sommaren.
Dei er no komen halvvegs på turneen, og alle barnehagane som meldte seg på skal få besøk.
Stor stas
Vibeke Bakke Hufthammer, som jobbar i barnehagen, fortel at ungane syntes det var stor stas då dei fekk veta at Vennebyen skulle koma til dei.
- Sjølv om fire av dei tilsette har eksamen i dag var alle einige om at dette var noko vi berre måtte få til, og det gjekk jo kjempefint.
-Vi har øvd fleire gongar i veka, og ungane har snakka om det og gleda seg sidan dag éin, fortel Vibeke.
-Aaapaaa!
Det var ein spent gjeng som var samla ute i det flotte sommarveret. Dei venta på Apa.
Då dei vart beden om å ropa han ut kom det eit rungande -Aaapaaa!
Etter at dei hadde dansa med han var det tid for klemmer, og alle som turde fekk ein god klem av Apa.
- Åh, han var god til å klemma, kom det frå eit av borna. Dei andre var veldig einige.
- Det har vore ein kjempeflott oppleving for både store og små, seier Hufthammer.
- Og no skal vi fortsetja med vår årlege sommarfest og kosa oss med pølser og is.
- Og bading! roper borna.