Lokal | 27. sep. 2013

Fekk 25.000 i rabatt

... men promillekjøraren må likevel ut med 55.000 kroner i bot.

Fekk 25.000 i rabatt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. sep. 2013 11:29

I 20-tida måndag 10. juni blei ein mann i 50-åra tatt av politiet, mistenkt for promillekjøring.

Blodprøve tatt av mistenkte viste ein alkoholskonsentrasjon på 0,62 promille.

Tidlegare i september var saka hans oppe i Nordhordland tingrett, der aktor hadde lagt ned påståand om 80.000 kroner i bot, saman med 14 dagar fengsel på vilkår og tap av førarretten i to år.

Sikta møtte i retten og tilsto. Han forklarte at han heldt på med flyttearbeid og hadde drukke 3-4 pils medan han jobba.

Han ba om redusert både bot og tap av førarretten i forhold til kva aktor fann passande, men fekk berre rabatt på bota grunna endra jobb- og inntektssituasjon.

Sikta blei dømt i tråd med aktor sin påstand, men med "berre" 55.000 kroner i bot.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.