Politi | 05. okt. 2023
Fekk 14.500 i fartsbot
UP hadde kontroll på Halhjemsvegen i går.
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. okt. 2023 09:35
Utrykningspolitiet hadde fartskontroll på E39 Halhjemsvegen onsdag.
– Det blei skrive ut 23 forenkla forelegg, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.
Fartskontrollen var i 80-sona mellom Svegatjørn og Moberg.
Høgaste fart blei målt til 113 km/t, 3 km/t frå førarkortbeslag.
– Bilførar får 14.500 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.