Fekk 133 søkjarar til 8 stillingar
Stor interesse for å jobba i Os brann- og redningsteneste.
Os kommune har nyleg hatt ute åtte ledige stillingar i brannvesenet.
Brannsjef Eivind Hovden er svært nøgd med responsen.
Fire på heiltid - fire på deltid
Det var lyst ut 4 heiltidsstillingar, av desse to brannkonstablar og to branningeniørar/-inspektørar til forebyggande arbeid, og 4 deltidsstillingar.
– Vi har fått veldig mange gode søkjarar, med brei og relevant bakgrunn, seier Hovden til Midtsiden.
– Mange er lokale, men vi har òg fleire frå andre kommunar.
• Les òg: Det nye leiarteamet på plass på Moberg
I alt kom det inn 133 søkjarar.
– Nokre av desse er interne søkjarar, folk som allereie tilsett i brannvesenet,
I tråd med forskrift
Årsaka til utlysing av dei åtte stillingane er både avgang og behov for auka bemanning.
Dimensjoneringsforskrifta regulerer denne. I paragraf 5-3 står det blant anna;
«I tettsteder med mer enn 20.000 innbyggere skal beredskapen være organisert i lag av heltidspersonell med kasernert vakt. Støttestyrke, jf. § 5-2, kan være deltidspersonell med dreiende vakt.»
Folketalet i Os var per 30. juni i år 20.918. Samtidig var det 3.861 innbyggarar i Fusa, som Os slår seg saman med 1. januar 2020.
Døgnvakt og utviding
Etter at Eivind Hovden, Erik Walden og Espen Storum i august starta som nytt leiarteam i Os brannvesen, har dei blant anna kartlagt dagens og komande behov.
– Gymsal står høgt på ønskjelista og stasjonen byrjar å bli knapp i storleik. Vi vil undersøkja kva sjansar vi har til utviding både på kort og lang sikt, både når det kjem til mengde kontor og større garasjeanlegg, sa Hovden til Midtsiden i september.
Bygda byrjar dessutan å bli så stor at det kan byrja å nærma seg behov for døgnkasernering.
– Når vi kjem til den tida at vaktlaget skal overnatta på stasjonen, krev naturlegvis det òg sine fasilitetar, sa den nye brannsjefen, fire veker etter at han starta i den nye jobben.