Fekk 10.000 i bot
Tysk vogntogførar måtte lessa av og punga ut. I tillegg har politiet det siste døgnet fått melding om folk som prøvde å ta seg inn i husvære - og om lause hestar på Halhjem.
Det var onsdag i 18-tida at det tyske vognstoget blei stoppa då det kom av ferja på Halhjem med for brei last.
– Vi var utom med førarkort og vognkort i dag tidleg.
– Han får 10.000 i bot, og må ta delar av lasta over på ein annan bil, men kan så kjøra vidare, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
Ropte "ulv"?
I 3-tida i natt blei politiet oppringt av ein som fortalte at fleire personar prøde å ta seg inn i husværet hans.
– Vedkomande har kome med tilsvarande melding før, utan at det har vore noko, så det blei beslutta å ikkje rykka ut.
– Det har heller ikkje kome fleire meldingar frå denne adressa i natt, og vi reknar med at dette er rus-relatert, men ikkje ein reell trugande episode.
Trafikkontroll og lause hestar
Torsdag klokka 18.50 fekk politiet melding om to lause hestar på veg frå Reset til Halhjem.
Hestefolk i området blei kontakta, og dei fekk kontroll på dyra.
I 17-tida torsdag hadde politiet trafikkontroll på Skeisflaten. 33 bilar blei kontrollert, politiet fann ingenting å reagera på.